Borgarleg vigsel i Bjørnafjorden kommune

Skal du gifte deg borgarleg i Bjørnafjorden? Hugs å sende inn nødvendig dokumentasjon i god tid! 

Borgarleg vigsel er eit tilbod til alle som bur i Bjørnafjorden kommune. Dette gjeld sjølv om du for tida er busett i utlandet.

Når kan de gifte dykk? 

Bjørnafjorden kommune tilbyr vanlegvis vigsel i Bjørnafjorden rådhus og i Kommunetunet i Eikelandsosen torsdag og fredag mellom klokka 12 og 15. Dersom de ønskjer vigsel til andre tidspunkt eller annan stad, må de sjølve avtale dette med vigslar.
Ta kontakt, så finn vi ei god løysing saman. (Kontaktinformasjon i margen til høgre).

Kva kostar det?

  • Med folkeregistrert adresse i Bjørnafjorden kommune: Gratis
  • Med folkeregistrert adresse i ein annan kommune: kr 1500

Det er mogeleg å avtale vigsel utanom ordinær tid, og på ein annan stad enn Rådhuset eller Kommunetunet. 
Vigselen kostar då kr 2000, i tråd med Bjørnafjorden kommune sitt gebyrregulativ
Kommunen sender faktura til brureparet i etterkant. 

Kven kan vie?

Ordførar, varaordførar, rådmann, kommunalsjefar, kultursjef og fleire folkevalde i Bjørnafjorden kommune har mynde til å vie brurepar. Her er ei oversikt over alle som har mynde til å vie.

Vilkår for vigsel

Det er visse vilkår i ekteskapslova som må vere oppfylte for at ein skal kunne gifte seg.

Dette må de sende inn før vigselen

For å bestille tid for seremoni, må begge personane som skal gifte seg sende inn digitalt bestillingsskjema. Grunnen til at de begge må logge dykk på og fylle ut kvart dykkar skjema, er at de då blir formelt identifiserte gjennom ID-porten.   

Bestill vigsel 

Før de gifter dykk, må Skatteetaten sjekke om de oppfyller vilkåra for å inngå ekteskap. Det vil seie at de må sende inn eigenerklæring, forlovarerklæring, erklæring om skifte dersom du har vore gift før og melding om endring av namn, dersom det er aktuelt.

Send inn skjema til Skatteetaten

NB! Behandlingstida varierer, så ver ute i god tid før planlagt bryllaupsdato.

Prøvingsattest

Skatteetaten skriv ut ein såkalla prøvingsattest, som viser at de oppfyller vilkåra for å inngå ekteskap. Prøvingsattesten må leverast til kommunen før vigselen. De kan laste opp prøvingsattesten når de bestiller vigsel hos kommunen eller ettersende han
Prøvingsattesten må vere maks fire månader gammal ved vigsel. Når vi har mottatt prøvingsattesten, sender vi dykk ei stadfesting av tid for seremonien. Dette brevet får du i di digitale postkasse. 

Spesielt for utanlandske statsborgar: 

Alle utanlandske statsborgarar må dokumentere lovleg opphald i Norge på vigselstidspunktet, og sende oss/levere prøvingsattest seinast ein dag før vigselen. Dette gjeld ikkje for nordiske borgarar. Vi kan utføre vigselen på engelsk, dersom dette er avtalt på førehand. 

Bjørnafjorden kommune tilbyr vigsel på norsk og engelsk. Dersom ein eller begge av brureparet ikkje kan eitt av desse språka, er det krav om kvalifisert tolk under vigselen. Kommunen skaffar kvalifisert tolk. Meld frå i god tid om behov for tolk.

Slik er seremonien

Vi tilbyr eit høveleg lokale i rådhuset på Osøyro. Dersom de ønskjer å ha fleire enn 10-15 gjester til stades ved sjølve vigselen, anbefaler vi dykk å bestille eit anna lokale.

  • De må ha to vitne, og dei må vere til stades under seremonien. Vitna er gjerne forlovarane.
  • Brurepar og vitne/forlovarar må ha gyldig legitimasjon til vigselen. Vi godtar gyldig pass, norske førarkort og bankkort med bilete og personnummer. 

Møt opp i god tid før avtalt tid for vigsel. Vi har sett av om lag 15 minutt til kvart par. 
Vigslaren les "Det borgarlege vigslingsformularet". Deretter spør vigslaren om de vil ha kvarandre til ektefeller. Til slutt underteiknar de, vitna og vigslaren vigselsprotokollen.

Kommunen sender deretter ei vigselmelding til Folkeregisteret innan tre dagar etter bryllaupet, med kopi til dykk. Denne fungerer som vigselattest fram til de får den endelege frå Folkeregisteret. 

Kunstnarlege innslag

Dersom de ønskjer kunstnarlege innslag under seremonien, til dømes musikk eller diktlesing, må dette spesifiserast i bestillingsskjemaet. Bjørnafjorden kommune vil vurdere om innslaget kan inkluderast. 

Har du spørsmål? Ring Kristin Vangsnes Bøe tlf. 913 76 329 eller send ein e-post

Artikkelliste

Kontakt

Kristin Vangsnes Bøe
Rådgjevar
Mobil: 91376329
Magda Haugen
Leder
Telefon: 91776395
Mobil: 91776395