Alle bygg med fyringsanlegg er underlagt krav om feiing og tilsyn, inkludert hytter og fritidsbustadar (Forskrift om brannførebygging).
Bjørnafjorden brann og redning har ein feie- og tilsynsfrekvens for fritidsbustadar basert på kartlegging, på same måte som for bustadhus. Dette betyr at du må betale eit årleg basis gebyr for hytta/fritidsbustaden du eig.
Vi sender deg varsel om tilsyn på SMS og e-post. Varselet blir sendt i godt tid før tilsynet skal utførast.
Du må vere til stades når vi kjem på tilsyn, slik at du kan vise oss rundt i fritidsbusrtaden. Dersom du ikkje kan vere til stades sjølv, bør du avtale med nokon som kan sleppe oss inn. Personen må kjenne fritidsbustaden godt.
Dette sjekkar vi:
- røykvarslarar, slokkeutstyr og rømningsvegar
- om eldstad og skorstein har synlege feil eller manglar
- om det er behov for feiing og om feieran har tilgang til skorsteinen
I tillegg rettleiar vi deg i spørsmål om fyring og brannsikkerheit i heimen.
Etter besøket får du ein tilsynsrapport.