Spesialpedagogisk hjelp barnehage

Nasjonalt og lokalt er det stort fokus på systemarbeid som skal sikra eit inkluderande og godt tilpassa allmennpedagogisk barnehagetilbod som tek i vare mangfaldet av barn med sine styrkar og utfordringar.

Barnehagelova §33 skisserer eit todelt mandat for PPT som må sjåast i samanheng:  

  • hjelpa barnehagane i arbeidet med kompetanseheving og organisasjonsutvikling for å tilrettelegge barnehagetilbodet for barn med særlege behov
  • utarbeide sakkunnige vurderingar der lova krev det

 

Barn under opplæringspliktig alder har rett til spesialpedagogisk hjelp etter barnehagelova §31 dersom dei har særlege behov for det. Retten gjeld også barn som ikkje går i barnehage.

Dersom føresette lurar på om barnet treng spesialpedagogisk hjelp, tar dei først kontakt med barnehagen for å drøfta sine bekymringar. Dersom barnet ikkje går i barnehagen, drøftar føresette sine bekymringar gjerne med helsestasjonen eller tek direkte kontakt med PPT.

 

Alle barnehagar har sin faste kontaktperson i PPT. Så lenge føresette har gitt samtykke, kan barnehagen søkja råd og rettleiing frå PPT. Det er jamlege besøksdagar til samarbeid i den enkelte barnehage. Agenda på besøksdagar kan til dømes vera observasjonar, tverrfaglege drøftingar i ressursteam, hjelp til utarbeiding av tiltaksplanar, samla møte med føresette og andre involverte, kurs og kompetanseheving med meir.

Dersom ein etter målretta arbeid i bekymringsfasen kjem til at eit barn truleg har behov for spesialpedagogisk hjelp, kan det bli aktuelt med tilvising til PPT for sakkunnig vurdering. Dersom PPT tilrår spesialpedagogik hjelp, er det Pedagogisk Fagsenter som effektuerer vedtaksfesta timar til spesialpedagogiske tiltak. Spesialpedagog arbeider då direkte med barnet på avdeling, i mindre gruppe eller individuelt. Barnehagelova slår fast at spesialpedagogisk hjelp alltid skal omfatta tilbod om rettleiing til foreldre. Utøvande spesialpedagog og PPT-kontaktperson samarbeider om rettleiing til barnehagen for barn som mottek spesialpedagogisk hjelp. Pedagogisk fagsenter utarbeider årsrapport kvart år, som blir send heim til føresette.

 

Føresette har alltid moglegheit til å ta direkte kontakt med PPT dersom dei har spørsmål. Tilsette i PP-tenesta har teieplikt og arbeider ikkje i enkeltsaker utan at barnehagen har henta samtykke frå føresette. Systemstøtte til barnehagen på avdelingsnivå krev ikkje samtykke frå den enkelte.