Brøyting og strøing

Bjørnafjorden kommune strør/saltar på prioriterte strekningar. Vi brøytar alle kommunale vegar og nokre private vegar etter særskilte vedtak.

Glatt veg?

Etter arbeidstid kan du ringe teknisk vakt på telefon 982 34 440.
Send e-post

Strøing og salting

Om natta og i helger blir prioriterte vegar strødd. Resten av dei kommunale vegane, sidevegar og gangvegar/fortau strør vi på dagtid etter behov, og der vi kjem til med utstyr. Vi prioriterer kommunale vegar der det køyrer buss, og vegar som leier til helseinstitusjonar.

Slik er vegane delt inn 

Alle vegar tilhøyrer ein vinterdriftsklasse, anten A, B eller C. 

  • Vinterdriftsklasse A er bussvegar med tilhøyrande fortau, utrykkingsvegar og høgt trafikkerte samlevegar. 
  • Vinterdriftsklasse B er kommunale samlevegar og  viktige gang- og sykkelvegar i tettbygd strok.
  • Vinterdriftsklasse C er kommunale atkomstvegar og øvrige kommunale vegar.   

I Bjørnafjorden har vi hovudsakleg B- og C-vegar. 

Strategi for vinterdrift i Bjørnafjorden kommune slår fast at vegen skal vere framkomeleg for køyretøy som er normalt utstyrt for vinterkøyring. Har du gode vinterdekk, skal vegen altså vere godt nok strødd og salta til at du kjem deg fram.

Når blir vegen brøyta?

  • Vinterdriftsklasse A- og B-vegar skal vere tørrsalta og isfrie, eventuelt brøyta ved behov, til klokka 6 på kvardager og laurdag, og klokka 8 søndag.
  • Vinterdriftklasse C-vegar skal vere strødd med enten tørrsalt eller tørrsalt blanda med grus, eventuelt brøyta ved behov, til klokka 8 på kvardagar og laurdagar og klokka 10 søndag.

Nattestid, mellom kl. 22 og kl. 6, må trafikantane akseptere vanskelegare køyretilhøve enn om dagen. Ved særleg store snømengder kan det skje at vegar ikkje er å rekne som framkomelege i denne tidsperioden. 

Kommunen er delt opp i 12 ulike roder. I nokre av rodene kan det i delar av sesongen vere strødd snøsåle. 
Dersom det snør mykje eller legg seg is like før klokka 6, er det ikkje til å unngå at det tar litt tid før heile roden er brøyta eller strødd og salta.

Brøytestandard

 

  • Vinterdriftsklasse A: blir brøyta når det ligg maks 4 cm tørr snø eller 2 cm våt snø 
  • Vinterdriftsklasse B: blir brøyta når det ligg maks 7 cm tørr snø eller 3 cm våt snø 
  • Vinterdriftsklasse C: blir brøyta når det ligg maks 9 cm tørr snø eller 5 cm våt snø 
Strøstandard
  • Vinterdriftsklasse A: 
    Det blir strødd med tørrsalt når det er fare for isdanning, eller snarast mogleg der is allereie har lagt seg.
  • Vinterdriftsklasse B: 
    Det blir strødd når det er fare for isdanning, eller snarast mogeleg der is allereie har lagt seg. Det skal nyttast tørrsalt eller saltblanda singel viss tilhøva krev det.
  • Vinterdriftsklasse C:
    Det blir fortrinnsvis strødd med tørrsalt eller saltblanda singel viss tilhøva krev det.
     

Sjå også: Gratis strøsand til eldre