Søk om følgekort

Har du fysiske eller psykiske funksjonshemmingar kan du få eit følgekort. Følgekortet gir deg rett til å ta med deg ein assistent som slepp å betale for billetten sin på til dømes kultur- og fritidsarrangement eller offentleg transport.
Følgekortet er personleg med bilete og underskrift. Det står på kortet kor lenge det er gyldig.

Følgekortet gir følgeperson gratis eller rabattert adgang til mange kultur- og fritidsarrangement, og ein del offentlege transportmidlar. 
Oseana kunst- og kultursenter gir gratis eller rabattert adgang til nokre arrangement. Ta direkte kontakt med Oseana for meir informasjon. Følgekortet gjeld òg i andre kommunar som har innført ordninga. Du kan ta kontakt direkte med arrangør eller verksemd for å høyre om dei aksepterer følgekort. 

Her kan du sjå liste over alle stader du kan bruke følgekortet i Bergen kommune. (PDF, 391 kB)

Søk om følgekort

Kven kan søke om følgekort?

Du kan søke om følgekort dersom du har ei funksjonshemming som gjer at du har behov for hjelp til dei fleste gjeremål i kvardagen.

  • Ordninga med følgekort gjeld for personar med varig funksjonshemming.
  • Du må ha behov for følgekort for å kunne delta på offentlege kultur- eller fritidsarrangement, eller for å kunne nytte offentleg transport.
  • Nedre aldersgrense er normalt 8 år.
  • Det er ikkje økonomisk prøving for behovet for følgekort, og ordninga er ikkje knytt opp til om søkjar er trygda.
Kven kan vere følgeperson?

Du vel sjølv kven du vil bruke som følge frå gong til gong. Det kan til dømes vere ein venn, støttekontakt, familiemedlem eller andre. Følgepersonen må ha fylt 16 år.

Kva kostar følgekort?

Det kostar ingenting å få følgekort.

Slik søker du om følgekort

Fyll ut skjema for søknad om følgekort (PDF, 145 kB)
Det er den som treng følge som skal skrive under søknaden, eventuelt pårørande med fullmakt.
Gjeld søknaden ein under 18 år, må føresette skrive under på søknaden. 

Du må legge ved:

  • vurdering frå primærlege eller legespesialist. Skjema for dette finn du saman med søknadsskjemaet
  • 1 stk. passfoto

Send søknad og vedlegg til Bjørnafjorden kommune, avdeling for forvaltning og koordinering, postboks 24, 5649 Eikelandsosen.

Treng du fleire enn ein følgeperson, må legen greie for dette på eige skjema, som du finn saman med søknadsskjemaet. Det vil framgå av følgekortet kor mange følgepersonar kortet gjeld for. 

Behandling av søknaden

Det er avdeling for forvaltning og koordinering som behandlar søknaden. Søknaden blir behandla så snart vi har alle opplysningane vi treng. Dersom dette tar meir enn ein månad, gir vi deg beskjed. 

Kontakt

Avdeling for forvaltning og koordinering
Telefon: 91 67 20 72
Til toppen