Koordinerande eining

Koordinerande eining er ei tverrfagleg samansett faggruppe som skal sikre din rett til koordinator, barnekoordinator og individuell plan.

Våre oppgåver
  • Legge til rette for brukarmedverknad
  • Ha oversikt over tilbod innan habilitering og rehabilitering
  • Gi informasjon og rettleiing til brukarar/pårørande og samarbeidspartar om tilbod i kommunen og spesialisthelsetenesta
  • Overordna ansvar for koordinator, koordinator for barn som pårørande og individuell plan
  • Bidra til samarbeid på tvers av fagområde og nivå
  • Vere kontaktpunkt for samhandling med spesialisthelsetenesta
  • Samarbeid med andre instansar
  • Ivaretaking av familieperspektivet
  • Vere bindeledd i saker der fleire i familien har behov for langvarige og koordinerte tenester
  • Motta melding om mogleg behov for sosial, psykososial og medisinsk rehabilitering og habilitering
Individuell plan (IP)

Individuell plan (IP) er eit tilbod til deg som mottar hjelp frå to eller fleire instansar, og som har behov for koordinerte tenester. Ordninga med IP er frivillig.

Les meir om individuell plan

Kven har rett på individuell plan/koordinator? Kva for kommunale tenester gjeld dette?

Dersom du har behov for langvarige og koordinerte helse- og omsorgstenester, kan du ha rett på individuell plan og koordinator.

  • Langvarig betyr at behovet strekker seg over ei viss tid, utan at det behøver å vere varig.
  • Koordinerte tenester betyr at behovet gjeld fleire helse- og omsorgstenester, og at desse treng å bli sett i samanheng. Retten er uavhengig av alder, diagnose og funksjon.
  • Kommunale helsetenester kan blant anna vere avlastning, brukarstyrt personleg assistent (BPA), fysio- og ergoterapi, omsorgsbustad eller heimesjukepleie.
  • Barneverntenesta blir ikkje rekna som ei helse- og omsorgsteneste, men har plikt til å utarbeide individuell plan for barn med langvarige og koordinerte tenester når det er nødvendig for å skape eit heilskapleg tilbod for barnet.
  • Barnehage, skule, pedagogisk-psykologisk teneste (PPT) og tenester frå NAV blir heller ikkje rekna som helse- og omsorgstenester. Desse velferdstenestene har likevel plikt etter lovverket til å delta i samarbeid og arbeid med individuell plan.

Retten til ein individuell plan inneber at du har rett til å få utarbeidd ein skriftleg plan som viser kva mål du har og kva tiltak som skal til for å nå måla dine.
Ein individuell plan skal bidra til større tryggheit og forutsigbarheit, avklare kven som har ansvar for kva og sikre at dei ulike tenestene samarbeider, slik at dei framstår som heilskapelege, koordinerte og i tråd med dine målsettingar.

Individuell plan gir ikkje større rett til tenester enn det som følgjer av øvrig regelverk.

Sjå ogsåIndividuell plan og koordinator - YouTube

Kva er ein koordinator?
  • Koordinatoren skal vere vegvisar for deg i hjelpeapparatet, og er ofte ein person du allereie har i hjelpeapparatet ditt. Du kan sjølv foreslå kven du ønskjer som koordinator.
  • Koordinatoren skal sikre deg nødvendig oppfølging og hjelp, og bidra til at hjelpeinstansane rundt deg samarbeider om å nå måla dine, og sikre framdrift i hjelpeprosessen.
  • Ein koordinator skal bli oppnemnd dersom du har rett på ein individuell plan. Du skal òg få tilbod om ein koordinator dersom du takkar nei til å bruke individuell plan som verktøy.
Kva er ein barnekoordinator?

Familiar som ventar eller har barn med alvorleg sjukdom, skade eller nedsett funksjonsevne, og som vil ha behov for langvarige og samansette eller koordinerte helse- og omsorgstenester og andre velferdstenester, har rett til barnekoordinator i samsvar med helse- og omsorgstenestelova § 7-2a.

Det er familien som har rett til barnekoordinator.

Koordinerande eining i Bjørnafjorden kommune har overordna ansvar for oppnemning, opplæring og rettleiing av barnekoordinator.

Om Dips samspill
  • Bjørnafjorden kommune brukar det skybaserte programmet Dips samspill for individuell plan. Dette er ein plattform for enkel og trygg samhandling og informasjonsdeling. Sjå også: DIPS Samspill - YouTube
  • Koordinator opprettar ein elektronisk plan som brukar/pårørande deretter får tilgang til.
  • Er du deltakar i ein plan kan du logge inn https://samspill.dips.no/Bjornafjorden for å få tilgang til planen, gjere endringar, oppdatere kalender eller sende intern melding.
Om kommunen si samordningsplikt

Kommunen har plikt til å syte for eit samordna tenestetilbod, sjølv om det ikkje føreligg rettskrav om koordinator/barnekoordinator etter helse- og omsorgslova – om behovet for samarbeid mellom velferdstenester er til stades. Det er då den enkelte velferdstenesta, som for eksempel barnehage, skule, PPT, NAV eller barnevernet som har plikt til å vurdere om samarbeid er nødvendig for å gi barnet eller ungdommen eit heilskapleg og samordna tenestetilbod, og som har eit ansvar for dette.
Kommunen har ansvar for at tenestene blir samordna.

Slik søkjer du om koordinator, barnekoordinator eller individuell plan

Kva skjer vidare med søknaden?

Vi vil behandle søknaden din så snart som mogleg. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan ein månad, skal du få skriftleg melding om grunnen til det. Då vil du òg få opplyst om når du kan vente at vedtaket blir gjort.

Du vil få ei skriftleg avgjerd på søknaden saman med informasjon om klagerett.

Kontakt

Hege Kathrin Varhaug-Lekven
Spesialkonsulent
Mobil: 45653984