Luranetunet bu- og behandlingssenter

Luranetunet bu- og behandlingssenter ligg på Lurane i Os, med flott utsikt over Osøyro, fjord, fjell og fonn.
Vi tilbyr opphald på sjukeheim og rehabilitering til brukarar som treng pleie og omsorg heile døgnet over kortare eller lengre tid. 

Luranetunet sin visjon er «Varme og vekst i samspel». Visjonen spring ut av den flotte, overbygde tropehagen på 1300 m2 i sentrum av Luranetunet.
Hagen er ein god plass å vere for bebuarar, pårørande og tilsette - og alt anna som veks og trivst når vi legg til rette for det.
Ute har vi sansehage med lysthus, bærbuskar, tre og planter, i tillegg til balkongar knytt til avdelingane over bakkenivå.

Varme og vekst står for den gode omsorga bebuarane våre skal oppleve, den personlege og fagleg utviklinga vi ønskjer for dei tilsette, og den varme velkomsten vi vil gi til pårørande og andre som kjem på besøk til oss.

Velkommen!

Jan M. Lillebø/Bergens Tidende

Kontakt oss 

Avdelingane på Luranetunet 

Lurantunet har til saman 175 plassar fordelt på ni avdelingar.
 
To korttidsavdelingar med 20 plassar kvar: Ei avdeling med fokus på rehabilitering og ei avdeling med fokus på palliasjon. Her er òg to kommunale ØHD-senger (øyeblikkeleg hjelp).
Sju langtidsavdelingar: Fem avdelingar med til saman 103 plassar for personar med demenssjukdom og to avdelingar med 16 plassar kvar for andre personar med behov for langtidsopphald.
I tillegg har vi serviceavdelingar for reinhald, vaskeri, kjøkken og teknisk drift.

Du som er på korttidsopphald blir som hovudregel kalla pasient, medan du som får tildelt langtidsopphald som regel blir kalla bebuar.

Her finn du kontaktopplysningar til avdelingane på Luranetunet

Helse- og velveretenester

Legetilbod

Luranetunet har eigne sjukeheimslegar. Sjukeheimsoverlegen har ansvar for det medisinskfaglege tilbodet. Vi har faste legar knytt til dei enkelte avdelingane, slik at dei også får moglegheit til å bli godt kjende med pasientane/bebuarane.

Luranetunet har eit eige elektronisk journalsystem (Profil), og må be om å få pasient/bebuar sin journal frå tidlegare fastlege ved innflytting, dersom det er behov for det. Det er mogleg for pårørande å få avtale møte med sjukeheimslegen på dagar for visitt. Avtal dette på førehand med sjukepleiar/vernepleiar i avdelinga.

Legar er tilgjengelege kvar vekedag. Langtidsavdelingane har legevisitt éin dag i veka. Korttidsavdelingane har legevisitt to til tre dagar i veka. Du vil få informasjon ved innkomst når legen kjem til di avdeling.

Helsetenester utanfor Luranetunet

Lege henviser til andre helsetenester ut frå behov (undersøking, behandling). I desse høva må pårørande eller andre rekne med å følgje pasienten/bebuaren.

Vi samarbeider tett med spesialisthelsetenesta innan alderspsykiatri (Olaviken alderspsykiatriske sjukehus). Dei kjem på vurderingsbesøk til Luranetunet, og ønskjer då som oftast også ein samtale med pårørande. I spesielle høve kan det vere aktuelt med vurderingsopphald på Olaviken.

Tannlege og tannpleie

Bebuarar med vedtak på helsehjelp har rett til gratis tannbehandling i den offentlege tannhelsetjenesta, sjå Lov om tannhelsetjenesten (tannhelsetjenesteloven) - Lovdata

Bebuaren kan halde fram som pasient hos eigen privat tannlege, men må då dekke kostnadane sjølv.

Tannpleiar blir informert om alle som har vedtak om langtidsopphald og som ønskjer oppfølging frå tannhelsetenesta. Desse får tilbod om årleg kontroll av tannhelsa på Luranetunet. Tannpleiar viser vidare til tannlege ved behov. Meir omfattande tannhelsebehandling må gjerast på tannlegeklinikken i Os sentrum. I slike tilfelle må pårørande rekne med å følgje bebuaren.

Fysioterapi og ergoterapi

Pasientar/bebuarar i institusjon har same rett til kommunal fysioterapi og ergoterapi som heimebuande. Ventetida blir avgjort ut frå ei prioriteringsliste som tar omsyn til behov og konsekvens av ventetid. Dersom bebuar er i stand til det, vil hen bli tilvist til privat fysioterapeut med driftsavtale. Tilvising til fysio- eller ergoterapi blir vurdert ut frå faglege omsyn av helsepersonell i avdelinga.

Hjelpemiddel

Bebuarar i ei institusjonsavdeling får tilgang til institusjonen sine hjelpemiddel. Unntaket er hørsel- og synshjelpemiddel og individuelt tilpassa forflytningshjelpemiddel. Desse vil personalet hjelpe til med å bestille/søkje om.

Bebuarar i omsorgsbustad vil få alle hjelpemiddel frå NAV hjelpemiddel til utlån. Her vil også personalet hjelpe til med å bestille/søkje.

Frisør og fotterapeut

Luranetunet har lokale for fotterapeut og frisør. Desse held til i første etasje ved resepsjonen.

For tida har vi desverre ingen avtale med fotterapeut.

Det er ønskjeleg at pasient/bebuar eller pårørande bestiller time hjå frisøren sjølv.

Ta direkte kontakt eller ring for timebestilling. Hugs å melde frå til avdelinga om timen dersom du bestiller.

Frisør: Telefon 482 09 880

Fortrinnsvis betaling med kort eller kontant, men vi kan òg sende faktura.

 

Måltid og matomsorg

Vi tilbyr fire hovudmåltid per dag. Vi følgjer opp kvar enkelt bebuar/pasient, og gjer nødvendige tilpassingar ut frå ønskje eller faglege vurderingar og behov.

Måltider på Luranetunet

Frukost, lunsj og kveldsmåltid blir laga ved kjøkkenet på Luranetunet og sendt ut til avdelingane.
Middagane blir laga på Fusa bu- og behandlingssenter og deretter levert til kjøkkenet på Luranetunet. Her blir måltidet førebudd av kjøkkenpersonalet og sendt ut til avdelingane. 

Måltid er tilgjengeleg i tidsrommet:

  • Frukost kl. 9-11
  • Lunsj kl. 12-13
  • Middag kl. 15-16
  • Kaffi ca. kl. 16.30
  • Kveldsmat kl. 18.30-20
  • Sein kveldsmat eller nattmat til dei som ønskjer eller treng det

Tidene kan variere noko frå avdeling til avdeling.

Livet på Luranetunet 

Om rommet: Innreiing, reinhald, TV/telefon, betalingstype

Institusjonsplass og plass i omsorgsbustad med heildøgns omsorg og pleie

Begge korttidsavdelingane er institusjonsavdelingar. To av langtidsavdelingane er i institusjon (Lyngheim og Bergheim), medan dei andre avdelingane er i omsorgsbustad (Bu1, Bu2, Breheim, Fjordheim, Solheim og Skogheim). Dette har innverknad på kva for betalingsløysing som gjeld for opphaldet.

Innreiing

Storleiken på romma varierer frå 28 m2 til 40 m2.  Luranetunet har i tillegg fire servicebustader på 60 m2. Sjølv om romma varierer i storleik, har alle plass til private ting og møblar. Dette er viktig for dei fleste bebuarane. Dei største romma har ein liten kjøkkenkrok, og god plass til eigne møblar. I omsorgsbustadane må du ha med eiga seng dersom du ikkje treng sjukeseng. Dette vil du få informasjon om før innflytting. Ta gjerne kontakt med personalet for råd.
Det er flott om romma blir innreidde med eit personleg preg. Samstundes er det viktig å hugse at innreiinga ikkje må hindre oss i å kunne utføre arbeidsoppgåvene våre.

  • Luranetunet ikkje kan ta ansvar for øydelagt inventar. Dersom du har dyrt inventar eller verdifulle gjenstandar, må du sjølv teikne forsikring (sjå avsnitt om forsikring).

Reinhald

Romma blir vaska etter reinhaldsstandard for helseinstitusjon i kommunen. Private eigendelar (dukar, pynt, møblar og liknande) må bebuar/pårørande reingjere sjølve.

Telefon og TV

Du kan installere din eigen telefon dersom du skal bu ved Luranetunet over lengre tid. Du har tilgang til wifi og TV-abonnement Altibox basispakke. Dersom du ønskjer kanalar/strøymetenester utover dette, må du sjølv bestille og kjøpe det som eit tillegg frå Bergen Fiber. Du vil bli fakturert direkte frå Bergen Fiber, og må sjølv seie opp avtalen om du ikkje vil ha han lengre.

Du kan forme ditt eige tilvære som du ønskjer, så lenge det ikkje går utover behandlinga du mottar. Du må også ta omsyn til alle andre som bur og oppheld seg på Luranetunet.

Betalingstype

Institusjon: Du betaler eigenbetaling etter Forskrift om egenandel for kommunale helse- og omsorgstjenester - Lovdata. Enkelt forklart betyr dette at du betaler prosentvis etter inntekt, og ikkje ein fast sats.

Omsorgsbustad: Du betaler husleige, felleskostnader og heimehjelp. Du vil få informasjon om dette før innflytting. Dersom du har låg inntekt, er det mogleg å søke bustønad.

Aktivitetar og arrangement

Luranetunet har eit tett samarbeid med Os frivilligsentral og svært mange frivillige er knytt til Luranetunet. Saman planlegg vi underhaldning og aktivitetar av ulike slag. Vi får midlar gjennom Den kulturelle spaserstokken, og mange artistar besøker Luranetunet gjennom året.

Mange frivillige lag og organisasjonar held konsertar og arrangerer aktivitetar. Dei fleste arrangementa skjer på dagtid, men vi har òg ting som skjer på ettermiddag-/kveldstid.

Pårørande som ønskjer å delta på tilstellingar, aktivitetar og arrangement er hjarteleg velkomne!
Her finn du oversikt over alle arrangement på Luranetunet

 

Religion og livssyn

Det er viktig for oss å vite kva livssyn pasienten/bebuaren har, og kor stor plass trua har i livet til vedkomande.

Det er jamleg andakt på huset, og vi kontaktar prestetenesta dersom det er ønske og behov for det. Dette gjeld også for andre trusretningar.

MinMemoria

Vi ønskjer at flest mogeleg av bebuarane våre tar i bruk det digitale verktøyet MinMemoria. Her kan pårørande saman med bebuaren legge inn viktige hendingar frå bebuaren sitt liv. Når livshistoriene er lett tilgjengeleg i MinMemoria, kan helsepersonell bli betre kjent med brukarane sine. Då blir det enklare å forstå behov og åtferd, bygge gode relasjonar og skape trivnad i trygge og gode omgivnader. 

Her kan du lese meir om MinMemoria.

Spør personalet på avdelinga korleis du går fram for å kome i gang med MinMemoria.

Alarm/pasientvarsling

Kvar pasient/bebuar får eit alarmsmykke eller klokke på armen som han eller ho kan trykke på for å få hjelp. Alarmen vil då gå til personalet sin telefon, slik at vi kan sjå kor pasienten/bebuaren oppheld seg. Alle i personalgruppa har ein slik telefon. Pasientvarslingssystemet kan også kople opp ulik omsorgsteknologi/alarmar. Bruk av slik velferdsteknologi vil auke og bli ein større del av pleie- og omsorgstilbodet ved institusjonen i åra framover. Ta kontakt med oss dersom du har spørsmål rundt dette.

Tobakk og alkohol

Det er røykeforbod i kommunale bygg, men vi kan ikkje hindre pasientar/bebuararar i å røyke medan dei bur/oppheld seg på Luranetunet. Snakk med personalet om kor du kan røyke og trygg oppbevaring av fyrtøy.

Vi legg til rette for måtehald ved inntak av alkohol. Vi minner om eventuelle mogelege biverknader i kombinasjon med visse typer medikament. Spør gjerne personalet om råd.

Når livet går mot slutten

Vi ønskjer å legge til rette for ei verdig og god avslutting på livet.
Pårørande eller andre nære er sjølvsagt velkomne til å dele dei siste dagane saman med pasienten/bebuaren. Vi har eit eige rom kor pårørande som kjem langvegsfrå kan overnatte.

Det står i vedtaket eller husleigekontrakten kor lenge ein disponerer rommet etter eit dødsfall.
Det er stort behov for plassar, så vi ber pårørande om å ta med seg eigedelane så snart som mogleg.

De som er pårørande bestemmer sjølve kva begravelsesbyrå de vil nytte.

Nyttig informasjon:

Når en av våre nærmeste dør

Når livet går mot slutten - Kirkens Bymisjon

202 4255_Til deg som har mistet_bokmaal sykehus_2016_read.pdf (helse-bergen.no)

Brukar- og pårørandeutval for Luranetunet

Luranetunet har eige brukar- og pårørandeutval. Dette utvalet er eit rådgivande organ for leiinga. Utvalet er sett saman av representantar for bebuarar, pårørande, tilsette, eldreråd, frivilligsentral og leiinga.
Som bebuar eller pårørande er du velkomen til å kome med forslag eller innspel til tiltak som kan betre kvardagen for dei som bur eller oppheld seg her. Dersom du ønskjer kontakt med ein av representantane i utvalet, kan du kontakte leiinga for kontaktopplysningar. Du kan òg legge forslag i idékassa vår, som du finn ved resepsjonen.

Sjå innkalling og referat frå møte i brukar- og pårørandeutvalet

Sjå mandat for brukar- og pårørandeutvalet ved Luranetunet (PDF, 122 kB)

Lenke til Pårørendesenteret - for pårørende i hele landet
 
Pårørandestøtte  - demens - Nasjonalt senter for aldring og helse 

Klage

Vi ønskjer ein god dialog og eit nært samarbeid om gode løysingar med bebuar og pårørande.

Dersom du meiner det er kritikkverdige tilhøve ved institusjonen, ønskjer vi først og fremst at du tar dette opp med primærkontakta eller avdelingsleiaren så snart som mogleg. Klagen skal først sendast til leiinga ved institusjonen. Dersom du ikkje får medhald her, kan du sende klagen til Statsforvaltaren i Vestland.

Du kan be andre utanfor institusjonen om hjelp til å formulere klagen. Personalet ved institusjonen kan også hjelpe deg med å formulere ein klage. I slike tilfelle må du legge ved eit skriftleg samtykke til at andre klagar på dine vegner.

Teieplikt og samtykke til innsyn

Alle tilsette i pleie- og omsorgstenestene har teieplikt. Det vil seie at vi ikkje kan gi informasjon om deg og helsa di til utanforståande, utan at du har gitt samtykke til det.  Unntaket er samarbeidande helsetenester som vi er avhengige av for å kunne gi deg eit forsvarleg helsetilbod. Dette står skildra i vedtaket du får.

Du har som hovudregel rett til å få vite kva legen skriv om deg i pasientjournalen. Du må sjølv gi samtykke for at pårørande skal få innsyn i pasientjournalen din.

Handsaming av klede

Det er pårørande sitt ansvar at alt av klede er merka tydeleg med namn. Hugs også å merke lausøyre og personlege eigendelar som høyreapparat, briller, smykke, klokke, mobiltelefon og andre ting som kan takast ut av rommet. Sjå "Forsikring".

Hugs at pasientane/bebuarane treng utetøy til alle årstider.

Vask av klede

Vi har eige vaskeri som vaskar det meste av tøy. Noko tøy blir også vaska i avdelinga. Det beste og enklaste er mest mogleg lettstelt tøy som kan vaskast på minimum 40 grader og er strykefritt. Tøy av andre kvalitetar som ull, silke osb. ber vi om at pårørande vaskar sjølve.

Vi gjer merksam på at Luranetunet ikkje har høve til å erstatte klede eller personlege eigendelar som blir borte eller øydelagde i samband med vask, stell eller reingjering.

Innkjøp av klede og toalettartiklar

Det er pårørande eller verje som har ansvaret for innkjøp av klede og toalettartiklar, til dømes tannkrem, dusjsåpe, tannbørste, deodorant, barbersaker, fuktigheitskrem, hårbørste, hårrullar, hårfønar/krølltang osb.

Vi ordnar med inkontinensutstyr, spesialprodukt innan hygiene som er ordinert av lege og anna medisinsk forbruksmateriell.

Primærkontakt, hovudkontakt og verje 

Primærkontakt

Primærkontakten skal vere eit bindeledd mellom bebuar/pasient, pårørande og avdeling, i tillegg til å ha eit ekstra ansvar for oppfølginga under opphaldet. Ved langtidsavdelingane er det i tillegg ein ansvarleg sjukepleiar/vernepleiar som er kontaktperson i medisinfaglege spørsmål. 

Velkomstsamtale
  • Langtidsavdeling: Bebuar og pårørande blir inviterte til ein samtale kort tid etter innkomst. Her gir vi informasjon om opphaldet, avklarer forventningar og svarar på spørsmål de måtte ha. Vi skriv ein omsorgsavtale med pårørande, dersom de ønskjer det.
  • Korttidsavdeling: Avklarings- og samarbeidsmøte med pårørande ein viktig del av oppfølginga og blir gjennomførte ved behov.
Hovudkontakt og verje

Kvar bebuar/pasient må ha ein hovudkontakt som Luranetunet forheld seg til. Som regel er dette den personen i familien som fungerer som næraste pårørande og som kjenner vedkommande godt. Du må oppgi namn på næraste pårørande i søknaden om kommunale helsetenester. Dersom du ønskjer andre som kontaktperson, må vi få informasjon om dette.

Enkelte bebuarar treng også ein verje for å få hjelp til å ivareta dei økonomiske interessene sine eller til bistand på andre område. Verje blir oppretta av Statsforvaltaren etter søknad. Sjå vergemal.no for meir informasjon

Forsikring

Luranetunet har ikkje erstatningsplikt for verdisaker. Innbo og verdisaker bør forsikrast privat. Vi anbefaler at bebuarar ikkje tar med seg verdifulle eigendelar. 

Kva bør forsikrast?

Verdisaker: Dersom pasienten/bebuaren ønskjer å ha med seg verdifulle eigendelar på institusjonen, må dette forsikrast særskilt.
Høyreapparat: Ver merksam på at normal innbuforsikring ikkje dekker tap eller skader på høyreapparat. Du bør difor ha eiga forsikring for dette. Dersom du er medlem i Hørselshemmedes Landsforbund, har dei ei eiga forsikring som mellom anna dekker tap av høyreapparat etter 6 månaders medlemskap. Les meir på 
Les meir om HLFs Forsikring for høreapparater | HLF

Briller: Må forsikrast særskilt.
Elektrisk rullestol med drivaggregat: Må forsikrast særskilt.

Slik søkjer du om plass

Du må søkje kommunen om opphald på institusjon. Her kan du søkje om kort- og langtidsopphald i sjukeheim eller omsorgsbustad