Søk eller meld frå om eldstad og skorstein

Søknadsplikten for eldstad avheng av om du skal installere i ein eksisterande bustad eller i eit nybygg. Oppføring av skorstein er alltid søknadspliktig.
 

Planlegg du å installere ei meir effektiv og miljøvenleg oppvarmingskjelde? Sjekk om du kan få støtte frå Enova.

  • Meld frå om installasjon av eldstad i eksisterande bustad 

Du treng ikkje søkje, men installasjonen må bli kontrollert av ein kvalifisert kontrollør. Ein kvalifisert kontrollør kan til dømes vere ein representant frå firmaet som installerer eldstaden for deg eller frå brannvesenet. Det er ingen formelle krav til den som skal setje opp ein eldstad, men vi vil likevel rå deg til å bruke kvalifiserte fagfolk til dette arbeidet.

Når du har skifta eldstad og fått han kontrollert, må du melde frå til kommunen, slik at vi får registrert eldstaden i samband med feiing og brannettersyn.

Meld frå om installasjon av eldstad

  • Søk og meld frå om installasjon av eldstad i nybygg 

Du må søkje om å installere eldstad i nybygg før du begynner. Vi vil rå deg til å få hjelp frå kvalifiserte fagfolk til både søknad og installasjon av eldstaden.

a) Søk om installasjon av eldstad

Den ferdige eldstaden må bli kontrollert av ein kvalifisert kontrollør, til dømes ein representant frå firmaet som installerer eldstaden for deg.

Når du har installert eldstad og fått han kontrollert, må du melde frå til kommunen slik at vi får registrert eldstaden i samband med feiing og brannettersyn.

b) Meld frå om installasjon av eldstad

  • Søk om løyve til tiltak på/oppføring av skorstein

Det er ingen formelle krav til den som skal føre opp skorsteinen, men vi vil likevel rå deg til å bruke kvalifiserte fagfolk til dette arbeidet. Skorsteinen må kontrollerast av kvalifisert kontrollør

Søk om løyve til tiltak på/oppføring av skorstein

 

Kontakt

Ana Monica Johnsen
Spesialkonsulent
Mobil: 90524318