Museum og kulturminne

Bjørnafjorden kommune kan by på ei rekke kulturattraksjonar på begge sider av fjorden: Museum, utstillingar, handverksformidling, kulturminne, kyrkjebygg og fornminne. Her er oversikt over nokre av dei.

Eidegrend klyngjetun i Hålandsdalen

I tunet på Eide i Hålandsdalen kan du ta steget inn i vår nære fortid og sjå korleis folk budde og levde på ein vestlandsgard på 1800-1900-talet.
Garden Eide ligg på eidet mellom Skogseidvatnet og Gjønavatnet. Han har vore delt i to bruk sidan 1600-talet. For å spara på den viktigaste ressursen, jorda, vart husa til dei to gardbrukarane bygde tett saman i eit klyngjetun. I år 1900 budde det 23 personar i tunet.
Omvising og servering for grupper. 

Kontaktinformasjon: Lisbeth Eide - mobil: 930 32 282, e-post: lisgeide@outlook.com

Engevik Gaard

Offisersgarden Engevik Gaard frå 1700-talet ligg vakkert plassert ved Sævareidfjorden. Her kan du få eit glimt inn i vestnorsk embetsmannsliv i farne tider.
Major Christian Wilhelm Segelcke kjøpte garden og tilliggjande jordegods av Kong Fredrik 4. på 1720-talet. I over 100 år fungerte Engevik som embetsgard og militær sjefsgard for Søndre Bergenhus infanteriregiment.
Gardsanlegget omfattar ni bygningar med hovudbygningen frå 1770 i karakteristisk bergensklassisisme med halvvalma tak, som naturleg midtpunkt.
Eigar i niande generasjon, Loren Ditmarsen-Radecka tek saman med mannen Maciej Radecki imot grupper for omvising og servering. Engevik Gaard er ope heile året for førehandsbestilte grupper. Sjå meir/kontaktinformasjon på eiga nettside

Griegsamlinga

"Griegsamlingen" på Oseana kunst- og kultursenter på Osøyro er skipsreiar Per Grieg senior si private kunstsamling. Den er eit "mini-nasjonalgalleri" med verk av mellom andre Edvard Munch, Christian Krogh, Frits Thaulow, Harald Sohlberg, Nicolai Astrup og Theodor Kittelsen.
I tillegg er det separatutstillingar med stor variasjon i tema og kunstform. 

Ope tirsdag - fredag 11.00 - 16.30. Laurdag 11.00 - 16.00. Søndag 12.00 - 18.00. Måndag stengt. 

Sjå meir/kontaktinformasjon på eiga nettside.


 

Holdhus gamle kyrkje

Holdhusgamle  kyrkje er ei av dei mest interessante etter-reformatoriske kyrkjene på Vestlandet. Ho vart ombygd frå stavkyrkje til tømra hallkyrkje truleg i 1726. I tårnet og i somme av stolane finst materialar frå stavkyrkja, som har stått på same staden. Stavkyrkja er første gong omtala i ei inventarliste frå 1306.

Den noverande, einskipa kyrkja er reist av lafta tømmer, med tårn over vestgavlen og eit lite våpenhus i stav framføre vestinngangen. 
Her kan du m.a. sjå ei unik madonna. Mariafiguren på Holdhus er den einaste målte madonnaskulpturen i stein frå mellomalderen i Noreg. Skulpturen er frå 1400-talet.
Fortidsminneforeningen er eigar av kyrkja. Omvising for grupper etter avtale. Sommaropning nokre veker i juli. Kontakttelefon: 948 81 310.

Sjå meir informasjon/kontaktinformasjon på Fortidsminneforeningen si nettside.

Holdhus skulemuseum

Like ved Holdhus gamle kyrkje ligg ei lita kvitmåla skulestove. Holdhus skule var det tredje skulehuset som vart bygd i gamle Fusa kommune etter at landsskulelova frå 1860 sette krav om faste skulebygg. Her heldt skulen på Holdhus til frå 1875 til 1956. Det vesle skulehuset har eitt skulerom, lærarkammer, gang og utedo. Skulemuseet inneheld i dag ei interessant samling av læremidla som fanst i "den gamle skulen". I gangen står skulebarna sitt vanlegaste fottøy, treskoa, oppstilte på rekkje og rad.
Skulemuseet og Holdhus gamle kyrkje har felles guideordning og felles opningstider om sommaren. Sjå Holdhus gamle kyrkje.

Kulturbedehuset Fredheim

Bedehuset Fredheim på Vinnes er omtala som det vakraste forsamlingshuset i tidlegare Fusa kommune. Det vart bygd i 1918 av Nesets Kina- og Indremisjonslag. Bedehuset er teikna av treskjerar og målar Magnus Dagestad frå Voss, og er eitt av to bedehus som var med i kulturvernplanen for Fusa.

I dag vert det drive av Venelaget for Fredheim som kulturbedehus - til konsertar, utstillingar, seminar og basarar.
Sjå meir/arrangement på Facebook-profilen til Kulturbedehuset Fredheim.

Lyngheim

Det historiske tunet på Lyngheim består av ei lemstove, ei skykkje og ein rosemålarverkstad. Sistnemnde er under arbeid. Lemstova er flytta frå Tveit i Hegglandsdalen og bygd opp att her. Ho inneheld stove, eldhus og bu med langsval, alt under eitt tak. Form og plan i denne lange lemstova er frå mellomalderen. Arbeidet er gjort på dugnad, ved hjelp av mange gode støttespelarar.
Lyngheim vert drive av Stiftinga Lyngheim og Vener av Lyngheim. Dei skipar til konsertar, familiedagar, litteraturarrangement, kulturformidling, juleverkstad, ope hus og tradisjonshandtverk. Følg med på Facebook-profilen til Det historiske tunet på Lyngheim og i lokalpressa.

Du kan òg leiga lemstova til eigne arrangement, Sjå meir/kontaktinformasjon på eiga nettside.

Lyse kloster, Lyse kloster hovedgård og kapell

Ruinane etter Lyse kloster, grunnlagt i 1146 av cisterciensarmunkar frå Fountains Abbey i England, på oppmoding frå biskop Sigurd. 

Lyse Kloster Kapell vart bygd i 1663 i tilknyting til Hovedgården. Byggherren var den første private eigaren av Lyseklostergodset, stiftsskrivar Nils Hanssønn Smidt. Han sette opp kapellet til bruk for seg og husstanden. Omkring 1760 fekk Henrik Formann bygd til eit gravkapell. 

Sjå meir/kontaktinformasjon på eiga nettside.

Ole Bull museum på Lysøen

Den verdskjende fiolinisten Ole Bull sin eventyrvilla stod ferdig i 1873. Villaen er i dag musem, men for tida stengd for rehabilitering, men den frodige øya er open for besøkande. Frå midten av mai til slutten av august går det skyssbåt frå Buena kai kvar heile time frå kl 11 til 16..

Ole Bull Museum Lysøen er ein del av KODE Kunstmuseer og komponisthjem.
Sjå meir/kontaktinformasjon på eiga nettside.

Oselvarverkstaden

Båtbyggeri og économusée, ei UNESCO-verna handverksverksemd som byggjer og sel den norske nasjonalbåten, oselvaren. Oselvarverkstaden syner fram og tar vare på handverkstradisjonane og set dei inn i historisk samanheng.

Oselvarverkstaden er ei levande handverksbedrift som byggjer båtar for sal og vidareformidlar ein 250 år lang, ubroten båtbyggjartradisjon. Tidlegare Os kommune og Hordaland fylkeskommune - no Bjørnafjorden kommune og Vestland fylkeskommune - står bak stiftinga. Oselvarverkstaden kom i drift i 1997.

1. desember 2016 tok Unesco inn Oselvarverkstaden på lista for immateriell kulturarv.

Verkstaden husar òg ei utstilling som fortel om tusen års båtbygging og -bruk. Det er mogeleg å avtala omvising for grupper og enkeltpersonar.
Sjå meir/kontaktinformasjon på eiga nettside.

Os prestegard

Prestegarden på Os er freda etter kulturminneloven. Den eldste bygningen som står på garden, er ei årestove bygd kring 1350. Denne stova vart brukt til prestebustad i 300 år. Kring 1650 vart det bygd ny prestebustad. Dette er «glasstova» i to høgder, som vart bygd attåt gavlen på stova, og med gang mellom dei to husa. Det var mellomaldermåten å byggja på. Den siste prestebustaden vart bygd i 1920 etter Ole Landmark sine teikningar, i kultivert klassisisme. 
Os prestegard er i kommunal eige.  

Sjå meir/kontaktinformasjon på eiga nettside.

Tønnegarden på Samnøy

Tønnegarden economuseum opna på garden Gangstø på Samnøy i 2012. Bøkkarhandverket med produksjon av tretønner har lange tradisjonar i Fusa. Tønnegarden economuseum er eit levande museum og visningssenter der du kan sjå handverkarar i arbeid. Formidling av det tradisjonsrike bøkkarhandverket, produksjon og sal går hand i hand.

Tønnegarden driv òg servering og utleige av lokale til arrangement av ymse slag.
Sjå meir/kontaktinformasjon på eiga nettside.

Vinnesholmen husmannsplass og friluftsområde

Vinnesholmen er ein tidlegare husmannsplass, til utleige, og eit offentleg friområde. 
Frå ca 1800 til 1930 var Vinnesholmen husmannsplass under dei seks hovudbruka på garden Vinnes. I 1866 fødde plassen tre kyr og åtte sauer. Dei siste husmennene var Engelina og Lars Vindenes, som festa plassen i 1892. Dei fekk kjøpa han i 1930 og skilja han ut som eige småbruk, Solholm. Dottera Elisa (Liso) og mannen Bård Foss testamenterte eigedomen til Fusa kommune. 
Vinnesholmen vert i dag drifta av Vinnesholmen kystlag.

Utleigeinformasjon finn du på airbnb.

Vinnes kultursti - fornminnevandring i fjordlandskapet

Vinnes kultursti er laga av geolog Arne Dalland, og sett opp rundt 1996 med god hjelp frå andre kulturinteresserte i Vinnes-bygda og Fusa kulturminnelag. Stien syner viktige naturhistoriske og kulturhistoriske stader på Vinnes.
Postane spenner frå å visa gravminne frå bronsealder, til å fortelja om utflyttinga frå fellestuna i starten av 1900-talet.

 

Kyrkjer og kapell i Bjørnafjorden kommune

I kyrkjebyggdatabasen "Kirkesøk" finn du desse kyrkjene og kapella i Bjørnafjorden kommune:

I tillegg har vi to kapell til på Fusa-sida av fjorden:

Kulturminnesøk i Os og Fusa

På Riksantikvaren sin nettstad Kulturminnesøk finn du dei registrerte kulturminna i Bjørnafjorden kommune. Du må førebels søkja etter kulturminne i "Fusa" eller i "Os, Hordaland".

Arkeologiske undersøkingar

Universitetet i Bergen (UiB) er kulturminnemynde, og har derfor ansvar for arkeologiske undersøkingar i Bjørnafjorden kommune. UiB sine rapportar om arkeologiske undersøkingar er førebels inndelt etter kommunegrensene som gjaldt fram til 1. januar 2020: Her finn du rapportar frå tidlegare Os kommune og frå tidlegare Fusa kommune

Artikkelliste

Kontakt

Erik Vangsnes
Leder
Mobil: 47277146
Kristin Vangsnes Bøe
Rådgjevar
Mobil: 91376329