Om Vartun oppfølgingsteneste

Vartun oppfølgingsteneste er eit døgnbemanna bustadtiltak for rusavhengige. Tenesta ligg i Industrivegen 8 i Os, og inneheld 16 leilegheiter og ein krisehybel.

Kva kan Vartun tilby?

Tenesta tilbyr bebuarane trygge og gode rammer. Vi jobbar med å auke buevna, med sikte på å kunne bu i sjølvstendig bustad. Målet er å betre livskvaliteten for rusavhengige, med fokus på å redusere fysiske skadar og betre den psykiske helsa.

Tilbodet er blant anna samtalar, eit varmt måltid, sosialt samvær, trening, utdeling av reint brukarutstyr, utdeling av medisin for pasientar under legemiddelassistert rehabilitering (LAR) og lågterskel arbeidstilbod.

Kven kan søkje om plass på Vartun?

  • Rusavhengige som treng hjelp til å bu, og der rusmisbruket er hovudårsak til redusert eller manglande buevne.
  • Bustadlause, det vil seie personar som har mellombels eller tilfeldig bualternativ eller personar som oppheld seg i institusjon (hospits, fengsel, behandlingsinstitusjon) og som ikkje har eigen bustad ved utskriving.
  • Personar i ein rehabiliteringfase, der assistert bustad saman med andre aktuelle tenester motiverer og støttar i forkant av behandling, samt oppfølging ved utskriving etter behandling. Det gjeld også brukarar i LAR.

Tilbod

Livskvalitet
Eit lågterskeltilbod til rusavhengige med mål om auka meistring og betre livskvalitet gjennom aktivitetar, trening og arbeid. 

Legemiddelassistert rehabilitering (LAR)
Vi administrerer utdeling av medisinar for pasientar som er under LAR-behandling på oppdrag frå Helse Bergen. 

Baksio
Eit lågterskeltilbod til menneske som er rusavhengige. Du er hjarteleg velkommen til å møte opp. Du treng ikkje søkje. 

ROP-oppfølgingsteamet
ROP står for rus og psykisk liding. ROP-oppfølgingsteamet er oppretta for å ivareta personar som har ei psykisk liding og samstundes rusar seg. 

Kontakt

Vartun oppfølgingsteneste
Telefon: 48015786