Stor eller liten forbokstav?

Bruk stor forbokstav berre når du startar ei setning eller eit namn.

  • Skriv ordførar, kommunedirektør, kommunalsjef med liten forbokstav. Ikkje Ordførar, Kommunedirektør, Kommunalsjef.
  • Skriv Bjørnafjorden kommune med liten -k, ikkje Bjørnafjorden Kommune. Vestland fylkeskommune, ikkje Vestland Fylkeskommune.
  • Fusa skule, Os barneskule, Hålandsdal idrettslag. Ikkje Fusa Skule, Os Barneskule, Hålandsdal Idrettslag.
  • Skriv Bjørnafjorden rådhus, men Rådhuset når du meiner dette spesifikke rådhuset.
  • Skriv namn på einingar og avdelingar med stor forbokstav når dei "står åleine" som eigennamn på denne måten: Oppvekst, Kultur, Plan. Bruk liten forbokstav når det går tydeleg fram at dette er kommunalområde, einingar eller avdelingar: oppvekstområdet, kultureininga, planavdelinga, kommuneleiinga osb.
  • Skriv kommunestyret, formannskapet, tenesteutvalet, plan- og bygningsutvalet med liten forbokstav.
  • Skriv lover med liten forbokstav. Einaste unntaket er Grunnlova.
  • Vi skriv aldri De eller Dykkar (høfleg tiltaleform) med stor D. Vi skriv du.
  • Skriv namnet på dagen og månaden med liten forbokstav: torsdag 11. juni. Engelsk har stor forbokstav her, og retteprogrammet på datamaskina har ei innstilling som gjer at det automatisk blir stor forbokstav etter punktum. Denne innstillinga kan du endre.

Tilbake til hovudsida 

Artikkelliste