Ungskogpleie

Til vanleg blir det planta gran på hogstflater i vår region. På plantefelta veks det ofte opp andre treslag mellom planteradene, og tal planter per dekar blir for høgt i forhold til optimal produksjon og kvalitet av valt treslag. 

 

Avstandsregulering er nødvendig for å sikre god tilvekst og kvalitet i framtidsskogen. Denne ungskogpleia skjer 10-20 år etter etablering av ny skog på arealet. Seinare i omløpet kan det vere aktuelt å kviste lauvtre for best mogeleg kvalitet. Etter 30-40 år kan tynning i skogen vere aktuelt, men dette er avhengig av mellom anna treslag, stabilitet og infrastruktur. 

Om du ønsker fleire sjikt, treslag og meir mangfald i skogen, må du planlegge framgangsmåten godt. Denne driftsforma er utan store snauhogstar og tar meir omsyn til kva naturen tilbyr som forynging. Ein slik type skog bli meir stabil i forhold til naturskadar (vind, flaum, ras, billeangrep) og er positiv for det biologiske mangfaldet i skogen din. 

Du kan søke kommunen om tilskot til ei rekke skjøtselstiltak.

Tilskot til skogkultur
 

 Ungskogpleie er eit veldig viktig tiltak, og avgjerande for å få god avkastning frå skogen din. 

  • Gjer ungskogpleie tidlig
  • Prioriter høge boniteter
  • Finansier med skogfond
  • Gjer nok, men ikke meir
  • Bruk riktig og skarp redskap
  • Spør fagfolk viss du treng hjelp eller er usikker

Kontakt

Michal Westfal
Rådgjevar
Telefon: 99086269
Mobil: 99086269