Kurs i sinnemeistring

Sinnemeistringsteamet i Bjørnafjorden kommune, f.v.: Merete Lekven, Christian Lund, Ida Caroline Benestad, Per Gunnar Lunde Oseng, Anne Solberg Andersson og Lina Oma. Os og Fusaposten Sinne er ei heilt normal kjensle. Men når sinnet bikkar over til aggresjon og går ut over dei du har kring deg, er det eit problem. Du kan få hjelp til å forstå og meistre sinnet ditt, slik at du kan få det betre med deg sjølv og dei du er glad i.
 

Kva er tilbodet?

Bjørnafjorden kommune tilbyr kurs i sinnemeistring. Dette er eit gruppetilbod, delt i éi gruppe for ungdom (i ungdomsskule- og vidaregåande skule-alder) og éi for vaksne.
Gruppa møtest éin gong i veka, i 10-15 veker. Det er viktig at du set av tid til å vere med, slik at du får den endringa du ønskjer.

Gruppene blir leia av team med fleire personar, av begge kjønn og med ulik fagbakgrunn. Alle har vidareutdanning i sinnemeistring etter den såkalla Brøset-modellen.

  • Per Gunnar Lunde Oseng, avdelingsleiar Vartun oppfølgingsteneste
  • Lina Oma, sjukepleiar i Vartun oppfølgingsteneste
  • Ida Caroline Benestad, kommunepsykolog
  • Anne Solberg Andersson, ungdomskonsulent
  • Merete Lekven, fagleiar i Meistringsteamet
  • Christian Lund, spesialsjukepleiar rus og psykiatri, jobbar i Meistringsteamet

Tid og stad:

Informasjon om tid og stad får du ved å ta kontakt med oss (sjå kontaktinformasjon under). Tilbodet er gratis.

Slik går du fram

Du treng ikkje tilvising for å delta. Ta kontakt med oss for meir informasjon og påmelding.

Kontaktperson for vaksne:

Lina Marie Oma, telefon 957 39 925, send e-post

Kontaktperson for ungdom:

Merete Lekven, telefon 469 53 298, send e-post

Anne Solberg Andersson, telefon 97 17 49 31, send e-post

Til toppen