Trine Lindborg er ordførar

Ordførar i Bjørnafjorden kommune, Trine Lindborg (Ap) Silje Lepsøy Trine Lindborg (Ap) er ordførar i Bjørnafjorden kommune. Ho er fødd i 1965, oppvaksen i Banktjørnhaugen i Os og busett på Osøyro. Ho er gift og har to barn, to bonusbarn, eitt barnebarn og fire bonusbarnebarn.

Lindborg har deltidsutdanning frå NHH og BI, i tillegg til petroleumslogistikk ved Høgskulen i Molde. Før ho blei vald til den første ordføraren i Bjørnafjorden kommune, jobba ho som senior boreforsyningsansvarleg hos Equinor.

– Det viktigaste for meg er å vere open, ærleg og tilgjengeleg. Eg ønskjer å vere ein raus og inkluderande ordførar. Ein ordførar som har respekt for at andre har eit anna syn enn meg, og som likevel lyttar. Eg håpar også at eg er ein ordførar som folk har tillit til, sjølv om dei ikkje alltid er samde med meg, seier ho.

Ordføraren har i følge kommunelova som oppgåve å leie møta i formannskapet og kommunestyret. 
Ho har i tillegg møte- og talerett i alle andre kommunale organ, men berre stemme- og forslagsrett dersom ho er vald medlem. Det er ordføraren som er rettsleg representant for kommunen, og skriv under på kommunen sine vegner dersom ikkje mynde er delegert til andre.

Ordførar-kalenderen er tilgjengeleg

Kalenderen blir normalt oppdatert ein gong i veka, og det kan skje endringar undervegs. 

Sjå ordføraren sin kalender

Artikkelliste

Kontakt

Trine Lindborg
Ordfører
Mobil: 97508392