Får du SMS-varsel frå kommunen?

Når det oppstår noko med vatnet eller kloakken din, får du eit varsel på SMS frå oss i kommunen.

Vi sender òg ut varsel på SMS når kommunale veger er stengde. 

Bjørnafjorden kommune si varslingsordning hentar informasjon for privatpersonar frå det nasjonale kontakt- og reservasjonsregisteret.

Gå inn på varslemeg.no

  • Sjekk at du er registrert med rett kontaktinformasjon i det nasjonale kontakt- og reservasjonsregisteret. 
  • Endre di eiga oppføring eller legg deg til, dersom du ikkje er registrert.

Får du ikkje varsel?

Dersom du ikkje får varsel, kan det vere ulike årsaker til det, for eksempel:

  • du har jobbtelefon som er registrert på arbeidsgivar. Då må du kople dette telefonnummeret til adressa di, dersom du ønskjer varsling
  • du har hemmeleg telefonnummer
  • du har reservert deg mot elektronisk kommunikasjon
  • du har nyleg flytta eller bur midlertidig på anna adresse

Varsling til bedrifter

For varsling til bedrifter blir telefonnummer henta frå Enhetsregisteret. Ofte er det bedrifta sitt sentralbord som er registrert. Vi anbefaler å legge til ekstra nummer til kontaktpersonar i bedrifta.

Har du ansvar for bygg/næringseigedom? Ønskjer du i tillegg å motta varsling for andre bygg/adresser enn dei som er oppført i offentlege register? Legg til adressa i oppføringa di via varslemeg.no