Treng du nokon å snakke med?

Er du engsteleg eller bekymra? 
Slit du med einsemd og vanskelege tankar? Ring Bjørnafjorden kommune sin støttetelefon på 906 50 885 eller chat med oss

Har du spørsmål om korona?
Ring smitteverntelefonen vår på 56 57 57 57 eller send e-post til smittevern@bjornafjorden.kommune.no

Er du sjuk og treng legehjelp?
Kontakt fastlegen din. Har du behov for akutt helsehjelp og ikkje får kontakt med fastlegen, ring legevaktsentralen 116117

Informasjon om koronavirus-situasjonen i Bjørnafjorden finn du på bjornafjorden.kommune.no/koronavirus

På helsenorge.no finn du oppdatert informasjon, fakta, råd og tiltak. Read advice and information in English about the coronavirus COVID-19


Oversikt over kommunale tenester og tilbod i Bjørnafjorden i koronaperioden

 

Friluftsområde og badeplassar

Friluftslivet i Bjørnafjorden er mangfaldig og byr på perler ved både sjø, elv, skog og fjell. Det finst mange tilrettelagde friluftsområde og badeplassar i kommunen vår. Dei fleste ligg ved sjøen og blir forvalta av Bergen og Omland Friluftsråd.

Fusa-sida av fjorden:

  • Bygdastølen: Flott ski- og turområde i Hålandsdalen med lysløype. Fint utgangspunkt for fjellturar vinter og sommar. 
  • Hagafjøra i Eikelandsosen: Lun badefjøre, tilrettelagt for rørslehemma med baderampe og handicaptilpassa toalett.
  • Peraneset/Fusaneset på Fusa: Allsidig friluftsområde og badeplass ved sjøen, ved den gamle ferjekaia på Fusa.
  • Skjelavikjo i Strandvik: Populær badeplass med badefjøre, svaberg, grasmark og stupebrett.
  • Steinavika på Baldersheim: Badeplass og friluftsområde ved sjøen nær Søre Fusa skule og barnehage.
  • Tretteskjæret i Lygrepollen: Idyllisk friluftsområde for padlarar og båtfolk. 
  • Vinnesholmen på Vinnes: Bade- og fiskeplass. Gjestebrygge. Vandretur på holmen. Utleige av historisk husmannsplass. 

Os-sida av fjorden:

  • Banktjørnflaten: Tur- og fiskeområde like ved riksvegen.
  • Ervikane: Eitt av dei finaste friluftsområda i heile bergensregionen. Tur, båtliv, bading. Barnevenleg.
  • Askvikvågen: Lita badevik.
  • Oksabåsen: Populær uthamn med kai. Badefjære, turliv, telting.
  • Vetlaneset: Fint nes med barnevenleg badefjære.
  • Ullsund: Lang strandline, god hamn for småbåtar og fine badeviker. Populært blant padlarar.
  • Skeistøa: Lun badevik med sandstrand.
  • Halhjemsøy: Fin bade- og solplass. Tilkomst med eigen båt.
  • Kalneset: Populært bade- og friluftsområde. Barnevenleg. Tilkomst med eigen båt eller kajakk.
  • Kuskjeret: Fine svaberg og god badefjære for barn.
  • Ramsholmen: Tilrettelagt for rullestolbrukarar. Brygger for lett tilkomst, turvegar, overbygd grillplass. 
  • Langøysund: Strandområde med fine badefjærer. Barnevenleg.
  • Sperrevik: Liten badeplass med sti frå hovudvegen/parkeringsplass.
  • Søvikvågen: Populær og barnevenleg badeplass.
  • Stokkavik: God badefjære ved skogområde.
  • Tøsdal: Parkeringsplass for turutfart til Tøsdalsfjellet og Møsnuken og padling i Oselvvassdraget.
  • Lysøya: Eventyrleg friluftsområde med gode stiar, variert natur, fine badeplassar og Ole Bull sin villa. 
  • Eidsvika: Liten parsell som ikkje er tilrettelagt for friluftsliv.
  • Halhjemsmarka: Fint område med skog og svaberg ved drikkevasskjelda Bjørnevatnet.
  • Raudlio: Fint turområde med gode leirplassar og padlemoglegheiter.
  • Framnes: Godt utgangspunkt for padling i Oselvvassdraget.
  • Smievågen: Badefjære og turveg med lett tilkomst til svaberg og fiskeplassar.
  • Mobergsvikjo: Stort, populært og barnevenleg område med badestrand og bålplass i Os sentrum . Ligg like ved Oseana kunst- og kultursenter med kafé og kunstutstilling.
  • Skorpo: Naturskjønne svaberg og badeviker. God og populær hamn.
  • Sigurdsvika: Fin sandstrand ved Ulvenvatnet.

Allemannsretten

Alle har rett til å ferdast og opphalda seg i utmarka i Noreg. Allemannsretten er eit gratis fellesgode og ein del av vår kulturarv. Den gjev deg rett til å bruka utmarka, uavhengig av kven som er grunneigar. 
Les meir om allemannsretten hos Miljødirektoratet.

Kontakt

Tom Leonsen
Mobil: 454 52 296
Til toppen