Slik skriv vi ord vi brukar ofte

Mange ord har valfrie former. Då anbefaler vi at du brukar desse formene:

  • Allmenn, framfor ålmen
  • Fleire barn, framfor fleire born 
  • Behandle, framfor handsame
  • Behov, framfor trong
  • Kvar enkelt, framfor kvar einskild
  • Forarbeid, framfor førearbeid
  • Fordel, framfor føremon
  • Først, framfor fyrst (ønske, framfor ynske osb.)
  • Gi - gir - gav - har gitt framfor gje - gjev - gav - har gjeve
  • Hos framfor hjå
  • Høgde framfor høgd
  • Komme - kjem - kom - komme framfor kome - kjem - kom - kome
  • Lønn framfor løn
  • Medlemmer framfor medlemer
  • Moden framfor mogen
  • Nødvendig framfor naudsynt
  • Nøkkel framfor nykel
  • Saksbehandlar, ikkje sakshandsamar. Politisk behandling, ikkje politisk handsaming.
  • Sommar, framfor sumar
  • Spennande framfor spanande
  • Stemme, stemmerrett, framfor røyst/-e, røysterett
  • Søndag framfor sundag
  • Ta - tar - tok - har tatt framfor ta - tek - tok - har teke
  • Tilby – tilbyr – tilbydde – har tilbydd framfor tilby – tilbyr – tilbaud – tilbode
  • Unntak framfor unnatak
  • Utbytte framfor utbyte
  • Venn, vennleg framfor ven, venleg
  • Verken eller framfor korkje eller
  • Vi framfor me
  • Villig framfor viljug
  • Å ønskje framfor å ynske

Tilbake til hovudsida