Skogsdrift i vanskeleg terreng

Hest
Skogsdrift med hest er ei driftsform som har lange tradisjonar og i tillegg er svært miljøvenleg. Hestedrift kan vere nyttig der det skal takast ut einskilde tre i vanskeleg terreng, der traktor eller større maskiner ikkje kjem fram.

Taubanedrift
Taubane er ei driftsform som eignar seg godt i bratt og ulendt terreng, over mindre dalsøkk, elver, til og frå platå og i annan skog som står vanskeleg tilgjengeleg.   
Det reknast som taubanedrift når det vert spent opp berekabel eller brukt returline og returblokk. 

Strekklengda på taubana kan vere over 400 meter og det er mogleg å bruke bukketre for å betre løftet over knekkpunkt i terrenget. Ved ei rasjonell taubanedrift bør likevel strekklengda ligge under 300 meter, for å få til det krevjast eit tett utbygd vegnett, 25 – 30 meter veg per ha. Dette er langt meir enn vi har i dei fleste skogområde på vestlandet. Sidan det er så gode finansieringsordningar for skogsvegar, med både tilskot og skogfond, vil det som oftast vere ei svært så lønsam investering å bygge ut vegnettet før skogsdrifta kjem i gang. Det trengs difor god og nøyaktig planlegging, i dei fleste tilfelle saman med naboane, før ein set i gang.

Med god driftsplanlegging og førebuing kan du oppnå monaleg reduksjon på driftsprisen. 

Det vert gjeve tilskot per kubikkmeter for taubane, ta kontakt med kommunen eller virkeskjøpar for nærare info. 

Hjelpevinsj/vinsjassistert hogstmaskin og lastetraktor

Det finnast fleire ulike hjelpevinsjar på marknaden. Alle sikrar skogsmaskinen i bratte bakkar, men etter litt ulike prinsipp: nokre er montert på eige understell, nokre på gravemaskin og nokre på skogsmaskinen.  

Vi ønskjer at det vert nytta taubane eller vinsjassistert skogsmaskin framfor at det vert grave ved skogsdrift i bratt og vanskeleg terreng. 

Her finn du søknadsskjema for
Tilskot til skogsdrift med taubane, hest og andre driftsmetoder

Til toppen