Søk om startlån og tilskot til etablering

Startlån er eit kommunalt bustadlån for deg som ikkje får lån i vanleg bank til kjøp av bustad, og som heller ikkje har moglegheit for å spare. Ordninga er eit samarbeid mellom kommunen og Husbanken.

Startlån kan også bli gitt til refinansiering av gjeld dersom du står i fare for å miste bustaden din. Tilskot til etablering kan bli gitt dersom startlån åleine ikkje er tilstrekkeleg for å kjøpe eigna bustad.
Dette er strengt behovsprøvd - det vil seie at det er svært strenge reglar for kven som kan få det.

Startlån kan brukast til å:

  • Kjøpe bustad
  • Tilpasse og utbetre bustad, slik at du kan halde fram med å bu heime
  • Refinansiere anna gjeld for å unngå tvangssal av bustad du eig
  • Overta bustad ved samlivsbrot

Kven kan søkje om startlån og tilskot til bustad?

Barnefamiliar
Personar som mottar uføretrygd
Personar som bur i kommunal bustad
Alderspensjonistar
Personar med gjeldsproblem
Andre

Dersom du kan spare opp eigenkapital og få lån i vanleg bank i løpet av nokre år, kan du som hovudregel ikkje få startlån. Unntak blir vurdert dersom du har akutt behov for å sikre ein trygg og stabil busituasjon.

For å kunne få startlån må du:

  • Bu i Bjørnafjorden kommune på søknadstidspunktet
  • Ha fast og sikker inntekt eller pensjon
  • Ha nok inntekt til å betene startlånet i tillegg til andre nødvendige utgifter og eventuell anna gjeld
  • Ha utnytta sparepotensialet ditt. Unntak kan bli gjort ved akutt behov for å sikre ein stabil og trygg busituasjon.

Dersom du er under gjeldsordning, får du som hovudregel ikkje startlån.

Kor mykje kan du låne?

Startlån er lån til kjøp av ein enkel og rimeleg bustad. Kor mykje de kan låne og evne til å betale ned blir vurdert i kvar enkelt sak, basert på økonomi og kor mange de er i husstanden.

Kva kostar det?

Startlånet skal nedbetalast med avdrag og renter. Vi kan vurdere periodar med avdragsfridom ved behov. Terminbeløp vil variere ut frå lånebeløp, nedbetalingstid og rente.

  • Bjørnafjorden kommune tilbyr flytande rente og annuitetslån over ei nedbetalingstid på inntil 30 år. I særlege tilfelle kan du få fast rente og/eller nedbetalingstid på inntil 50 år.
  • Bjørnafjorden kommune følgjer Husbanken sitt rente tilbod for flytande månadleg rente (sjå Renter - Husbanken) tillagt 0,25 %

Slik søkjer du

Søk elektronisk på Husbanken sine heimesider

Du må legge ved dokumentasjon som viser inntekter, faste utgifter, formue og gjeld, samt andre opplysningar om husstanden sin økonomi og korleis busituasjonen er i dag. 

Dette er ansvaret ditt:

  • Du må oppgi fullstendige og rette opplysningar som er relevante for søknaden
  • Du må inngå låneavtale med Bjørnafjorden kommune
  • Du må betale månadlege terminbeløp i tråd med nedbetalingsplanen din
  • Du må ta kontakt med oss i kommunen dersom du får betalingsproblem
Bjørnafjorden kommune sine retningslinjer for behandling av søknader om startlån og tilskot til etablering

Kontakt

Kamilla Lyssand Østervold
Spesialkonsulent
Mobil: 90752774
Lars Trane
Leder
Mobil: 98234465