Sektorplan for kultur, idrett og friluftsliv 2024-2036

Bjørnafjorden kommune arbeider med ein sektorplan for kultur, idrett og friluftsliv 2024-2036. Dette er den første samla kulturplanen i Bjørnafjorden, og han kjem til å erstatta tidlegare tematiske kommunedelplanar og fagplanar på kulturfeltet.

Forankring

Planen bygger på Kommunal planstrategi for Bjørnafjorden kommune (PDF, 2 MB) og Kommuneplanen sin samfunnsdel. Sektorplanen tek også opp i seg nasjonale og regionale føringar på kulturområdet, for eksempel kulturlova og fylkeskommunen sin nye kulturplan «Kultur bygger samfunn»

Tema og temaansvarlege

•    Fritid og frivillig: avdelingsleiar Grete Byrkjeland
•    Idrett, friluftsliv og fysisk aktivitet: avdelingsleiar Tom Leonsen
•    Kunst- og kulturformidling: biblioteksjef Kirstine Folmann
•    Kulturarv og lokal identitet: spesialkonsulent Kristin Vangsnes Bøe

Den tematiske oversikta er førebels og kan bli endra i arbeidet med planen. 

Organisering

Kultursjef Erik Vangsnes er prosjektleiar for planarbeidet.
Styringsgruppe er kommunedirektøren si leiargruppe + prosjektleiar.
Prosjektgruppa er prosjektleiar og temaansvarlege for dei fire delane av planen.
I tillegg er tematiske arbeidsgrupper og utvida referansegrupper aktive undervegs i prosessen.

Tidsplan

Målet er at planen kjem til politisk behandling hausten 2024 med endeleg vedtak i kommunestyret.

Innspel

Har du innspel, idear og synspunkt? Send dei inn her! 

Kontakt

Erik Vangsnes
Leder
Mobil: 47277146
Grete Byrkjeland
Rådgjevar
Telefon: 94853607
Mobil: 94853607
Tom Leonsen
Rådgjevar
Telefon: 45452296
Mobil: 45452296
Kirstine Folmann
Leder
Telefon: 56575270
Mobil: 41524681
Kristin Vangsnes Bøe
Rådgjevar
Mobil: 91376329