Vedtekter for skulefritidsordninga i Bjørnafjorden kommune

Vedtatt i Bjørnafjorden kommunestyre 27.10.2020

1. Lovgrunnlag og prinsipp for drifta

SFO i Bjørnafjorden kommune skal drivast ut frå opplæringslova § 13–7. Seinare reguleringar frå departement og KS skal følgjast opp. Skulefritidsordninga i Bjørnafjorden kommune er ein del av verksemda til dei kommunale barneskulane. Drifta skal følgje føringar frå sentrale styresmakter, og skal halde dei rammene som er sette i kommunen. Drifta blir finansiert med kommunale budsjettmidlar og foreldrebetaling. Kvar einskild skule har hovudansvaret for å utvikle og tilby eit godt SFO-tilbod. SFO er ein del av skulen sitt samla tilbod til brukarane, og det er SU som behandlar saker som gjeld SFO-drifta, innanfor dei rammene som vedtektene gir. Rektor har det overordna ansvaret for forvaltning og pedagogisk drift. SFO skal samordnast med skuledrifta elles.
 

Mål

• SFO i Bjørnafjorden kommune skal vere eit omsorgs- og fritidstilbod og ein trygg stad å vere for alle

• SFO følgjer skulen sine mål, med særleg vekt på dei kreative og sosiale sidene av elevane si utvikling

2. Eigartilhøve

Bjørnafjorden kommune er eigar av SFO-ordningane ved dei kommunale skulane i Bjørnafjorden kommune. Kommunalsjef har eit overordna ansvar for administrativ styring og utvikling. På den einskilde skule er rektor ansvarleg for forvaltning og pedagogisk drift. SFO skal vere ein del av skulen sitt samla tilbod til brukarane. SFO skal samordnast med skuledrifta elles; organisatorisk, planmessig og i høve til personalet. Leiar i SFO er ein del av leiinga på skulen. Leiar i SFO har eiga funksjonsskildring.

3. Opningstid

Skulefritidsordninga følgjer skuleruta, og er open 190 elevdagar. Felles opningstid for alle er kl. 07.30–16.30 Dersom ein skule ønskjer å opne tidlegare om morgonen, må sluttidspunktet justerast tilsvarande. Opningstidene skal vere like heile veka. Plasstilbod: Heil plass: kl. 07.30–16.30 Dersom påmeldinga til SFO på ein skule er under åtte barn, er det ikkje grunnlag for SFO–drift ved skulen. Avgjerd om ikkje å starte opp SFO-tilbod gjeld for eitt skuleår av gangen. Kommunedirektøren tek avgjerda i saka. Utvida tilbod, morgon-SFO frå kl. 07.00–07.30 Det må vere minimum åtte elevar før det blir gitt tilbod om utvida opningstid. Avvik frå dette skjer etter avgjerd frå fagsjef. Deler av, eller heile, tilbodet kan avviklast dersom det er for lita påmelding. Redusert plass, berre heile dagar. Ein dag = 20% plass Det er mogeleg å kjøpe enkeltdagar etter avtale med skulen. Barn på 5.–7. trinn, som har rett til SFO-plass, har gratis plass. Dette tilbodet blir vanlegvis gitt i samarbeid med avlastingstilbod.

4. Ferieope

2–3 skular har ferieope SFO-tilbod i Bjørnafjorden kommune. Det blir kravd ekstra betaling for elevar som nyttar ferieope SFO. Det er påmelding til ferieope SFO. Det må vere minimum åtte elevar før det blir gitt tilbod om ferieope SFO. Avvik frå dette skjer etter avgjerd frå fagsjef.

Tilbod om ferieope SFO gjeld:
• 10 dagar før skulestart i august
• Haustferie
• Vinterferie
• Fem dagar etter skuleslutt i juni Feriope SFO for barn med særskilde behov:
• 1.–4. trinn: Primært på ferieope SFO. Eit anna SFO-tilbod kan vurderast individuelt i avlastingseininga, dersom det er det beste for eleven
• 5.–7. trinn: Avlastningseining

5. Opptak

Kommunen skal ha eit tilbod om skulefritidsordning før og etter skuletid for 1.–4. trinn, og for barn med særskilde behov på 1.–7. trinn. Barna har plassen i SFO til dei går ut av 4. trinn eller seier han opp. Søknad om framhald i SFO utover 4. trinn skal behandlast av rektor, i samråd med andre relevante faggrupper i kommunen. SFO har hovudopptak i april for start i august. Elektronisk søknadsløysing er tilgjengeleg på Bjørnafjorden kommune sine nettsider. Det er høve til å søkje om plass gjennom heile året. Barn som byter skule får automatisk oppseiing frå den skulen dei gjekk på, men føresette må sjølve søkje SFO-plass på den nye skulen.

6. Foreldrebetaling

Satsane for foreldrebetaling blir fastsette av kommunestyret, og er like for alle SFOtilboda i kommunen. Fastsetjing av foreldrebetalingssatsane blir gjort årleg i budsjettprosessen. Endringa gjeld som regel frå 1. januar kvart år. Foreldrebetalinga blir kravd for ein månad om gongen, med betalingsfrist i slutten av kvar månad. Skulefritidsordninga har betaling for 190 dagar. Foreldrebetalinga gjeld frå den dagen plassen er tildelt. Betaling skal skje forskotsvis, med betaling 11 månader i året. I august og juni er det halv betaling. Det er fire satsar for plass i SFO. Foreldre/føresette kan søkje om 40%, 60%, 80% eller 100 % plass i SFO. Meir enn to barn i ein familie utløyser gratis SFO-plass for det barnet med lågast plasstorleik. Satsane for ordinær plass i SFO og prisen for enkeltdagar blir fastsett i samband med avgiftsbudsjett / fastsetjing av foreldrebetaling. Dersom elevar blir henta etter stengetid, blir det gitt eit gebyr. Storleiken på gebyret blir vedtatt i samband med avgiftsbudsjett / fastsetjing av foreldrebetaling. Dersom det føreligg særskilde årsaker til at eleven blir henta for seint, kan rektor vurdere om det skal fremjast krav. Det er økonomisk moderasjon i SFO etter gjeldande nasjonale reglar der eigenbetalinga maksimalt skal vere gitt prosentsats av hushaldet si samla skattepliktige inntekt. Etter søknad til Bjørnafjorden kommune blir det innvilga redusert foreldrebetaling der hushaldet si inntekt er lågare enn vedtatt sats. Foreldre/føresette må søke om redusert foreldrebetaling annakvart år.

7. Oppseiing

Oppseiing og reduksjon av plasstype skal gjerast på Bjørnafjorden kommune sine nettsider. 
Oppseiingstida er to månadar, rekna frå den 1. i månaden etter at oppseiinga er sendt.
Ved reduksjon av plasstype gjeld dei same reglane som for oppseiing. Rektor kan seie opp ein elev frå SFO dersom det ikkje blir betalt for plassen. Dersom deltakinga på SFO kjem under åtte barn, kan tilbodet delvis eller heilt seiast opp med to månaders varsel frå kommunen si side. Oppseiinga gjeld då ut skuleåret. Kommunedirektøren tek avgjerda i saka.

8. Leike og opphaldsareal

Lokaler som brukast til SFO , skal være tilpassa den aktiviteten som drivast. Fleire skular har eigne lokale til SFO. Skular i Bjørnafjorden som ikkje har eigne lokaler til SFO nyttar skulen sine klasserom, spesialrom , fellesareal og uteområde, når dette ikkje brukast til undervisning.

9. Personale

Etter Opplæringslova og tilhøyrande forskrifter er det ikkje noko fast tal for tilhøvet mellom barn og vaksne. Bjørnafjorden kommune har ein vaksen per 14 barn på 2., 3. og 4. trinn, og ein vaksen per 12 barn på 1. trinn.

10. Lokale vedtekter

Skulen sitt styre kan i spesielle høve, og i samråd med kommunalsjef, vedta lokale vedtekter.

11. Forsikring

Bjørnafjorden kommune har kollektiv ulykkesforsikring for alle barn i skule og SFO. Ta kontakt med skulen/SFO for meir informasjon om forsikringsvilkåra. Bjørnafjorden kommune tek atterhald om at folketrygda og forsikringsselskapa gjer eigne vurderingar av dekning i kvar einskild sak. Utfyllande og supplerande reglar om dekninga finst i både folketrygdlova og forsikringsavtalen.