For støtte- og fritidskontaktar

Ein støttekontakt hjelper personar i alle aldrar som har behov for sosialt samvær eller støtte til å ta del i kultur- og fritidsaktivitetar utanfor heimen. Støttekontakten får godtgjering av kommunen. 
Ein støttekontakt kan gå på besøk til brukaren, bli med på tur, kino, kafé, trening eller andre sosiale aktivitetar. Brukaren sine interesser og ønskje avgjer. Det skal vere givande både å ha og å vere støttekontakt.

Støttekontakten er oppdragstakarar, og ikkje fast tilsett i Bjørnafjorden kommune.

Kven kan vere støttekontakt/fritidskontakt?

Vi krev ingen fagbakgrunn.
Du må:

  • Vere påliteleg og stabil
  • Ha gode samarbeidsevner
  • Ha respekt for andre menneske
  • Ha overskot til å gi av deg sjølv
  • Ha evne til å etablere kontakt
  • Vere trygg på deg sjølv
  • Kunne setje grenser

Det skal vere givande og hyggeleg å vere støttekontakt/fritidskontakt. Samstundes er det viktig at tilbodet til tenestemottakaren blir både tenleg og forsvarleg. Alder, kjønn, personlegdom og interesser speler ei avgjerande rolle når vi skal kople støttekontakt/fritidskontakt og tenestemottakar.

Slik søkjer du om å bli støttekontakt/fritidskontakt


Fyll ut interesseskjema for å bli støttekontakt

Ansvarleg for oppfølging av støttekontaktar i Bjørnafjorden kommune tar kontakt med deg. I enkelte tilfelle vil ITHjelpa i Bjørnafjorden kommune ha behov for å fjernstyre PC-ar til støttekontaktar. Her finn du lenke til fjernstyring (EXE, 19 MB)

Dersom kommunen ikkje har eigna oppdrag ledig, kan godkjende støttekontaktar/fritidskontaktar stå på venteliste til vi finn rett oppdrag.

Har du fått tilbod om å være støttekontakt?

For at kommunen skal kunne betale ut godtgjersle, treng ein meir informasjon frå deg.

Fyll ut skjema for stadfesting av rettar og plikter, og send inn.

Rapportskjema for støttekontaktar

Du som er støttekontakt i Bjørnafjorden kommune skal levere rapport for oppdraget to gonger kvart år, innan 1. april og 1. oktober. Fyll ut rapportskjema for støttekontaktar 

Last ned brosjyre: For støtte- og fritidskontaktar i Bjørnafjorden kommune  (PDF, 2 MB)