Sal av fyrverkeri

Søknad om løyve til oppbevaring og handel med fyrverkeri

Verksemder som ønsker å selje fyrverkeri i perioden 30.-31. desember, må sende søknad innan 1. mai samme år. Salsløyve blir gitt for tre år om gongen, så lenge føresetnadane for løyvet ikkje endrar seg. Dersom føresetnadeene endrar seg, må bedrifta sende ny søknad. 

Det er innført gebyr for behandling av søknader. 
Gjeldande gebyrsats for søknad om handel med fyrverkeri finn du i gebyrregulativ og prisliste for Bjørnafjorden kommune. Gebyret dekker saksbehandling og tilsyn.

Den som ønsker å vidareselje fyrverkeri til forbrukar må

  • drive handelsverksemd med fast utsalsstad
  • kunne legge fram firmaattest frå Føretaksregisteret

Du må beskrive og vurdere risiko gjennom kartlegging av uønskte hendingar og årsakar, med konsekvensane desse kan medføre. Basert på risikovurderinga må du legge ved ein handlingsplan med klare prioriteringar.

For at vi skal kunne behandle søknaden din, må du legge ved denne informasjonen:

  • Kart (som tydeleg viser plassering av salsdisk/telt, samt sikkerheitsavstandar og tiltak for å ivareta desse.)
  • Kart (som tydeleg viser plassering av container, samt sikkerheitsavstandar og tiltak for å ivareta desse.)
  • Firmaattest frå Føretaksregisteret
  • Risikovurdering med handlingsplan

Slik søker du

Her finn du digitalt skjema for å søke salsløyve.

Kontakt

Jan Olav Birkeland
Arbeidsleder/formann m/særaldersgrense
Telefon: 98234449
Mobil: 98234449