Tal, telefonnummer, dato og klokkeslett

  

Klokka

Klokka (om klokkeslett) = kl. Skriv klokkeslett med heile tal, utan ekstra nullar: kl. 9-15.30, ikkje 09.00-15.30. Bruk punktum i klokkeslettet (9-15.30), ikkje kolon (09:00-15:30).

Tal

Skriv tala null til tolv med bokstavar. Frå 13 og oppover med tal.

  • Unngå å blande siffer og bokstavar dersom du skal skrive fleire tal i same setning. Vel anten: Fem av seksten svara på undersøkinga. Eller: 5 av 16 svara på undersøkinga.
  • Dersom det er viktig å framheve sjølve talet, brukar du siffer: Klagefristen er 3 veker.
  • I tabellar skriv vi alle tal med siffer.
  • Hugs å skille mellom talordet for 1 – eitt og bestemt artikkel eit:
    • Det var berre eitt brev i postkassa. Det var eit brev i postkassa.
  • Ikkje bruk punktum frå 1000 til 9999. Punktum frå 10.000 og oppover
  • Skriv mobilnummer med tre + to + tre tal: 920 23 982
  • Skriv faks- og fasttelefonnummer med to + to tal: 56 57 50 00
  • Skriv fem- og sekssifra telefonnummer i eitt: 116117
  • 100-årsdag, ikkje 100 årsdag, 1. klassing, 17. mai-tale

Dato

Skriv dato 5. juni 2020 eller 5.6.2020

Dersom du droppar punktumet etter talet, skriv du "fem juni", ikkje "femte juni".

I teknisk bruk kan datoar ha formatet år-månad-dag:

20140517
2014-05-17

Tilbake til hovudsida