Leige av musikkbinge

Treng du øvingslokale? Då kan ein musikkbinge vera tingen for deg. Det er eit lokale som du kan leiga for å øva på å spela musikk. Bjørnafjorden kommune har fire musikkbingar med utstyr til fri bruk for alle. 

Musikkbingane finn du her:

  • Os ungdomskule
  • Søfteland skule
  • Kuventræ skule
  • Fusa ungdomsskule

Musikkbingane skal vera tilgjengelege for alle som treng øvingslokale. Musikkbingane er 25 kvadratmeter store og fullt utstyrt med lydanlegg med mikrofonar, gitarforsterkarar, bassanlegg, komplett trommesett og keyboard/el-piano. Musikkbingane er isolerte, med støydemping, varme i golv og ventilasjon. 

For tildeling av øvingstid og meir informasjon, ta kontakt med

  • Os-sida av fjorden: Os rockeklubb v/Kjetil Osablod Grønvigh, tlf. 995 05 666 eller e-post: mrk@osrockeklubb.no
  • Fusa-sida av fjorden: Erik Vangsnes, mobil 472 77 146 eller e-post: erva@bjornafjorden.kommune.no