Pipesensor skal førebygge sotbrann

Ein pipesensor er eit elektronisk måleapparat som måler temperaturen øvst i skorsteinen. 
Dette gjer at brannførebyggande avdeling i Bjørnafjorden kan følgje med på fyringsmønsteret i kvar enkelt skorstein over tid.

Klart for pilotprosjekt med pipesensor i Bjørnafjorden

Måndag 26. september 2022 begynner Bjørnafjorden brann og redning å installere pipesensorar i utvalde område. Huseigar vil få ein SMS med tilbod om pipesensor. Du må svare JA eller NEI på denne meldinga. 

Kvifor pipesensor?

Talet på sotbrannar aukar. I 2021 blei det registrert 1596 sotbrannar i Noreg, 468 fleire enn i 2020. (Kjelde: Brannvernforeningen).
Sotbrann eller pipebrann oppstår når tjære og ubrent avfallsstoff frå røyken set seg fast i skorsteinen. Flammer eller høg temperatur antenner avfallsstoffa og pipebrannen er eit faktum. Jo oftare du fyrer, jo meir sot blir det i pipa. 
I dag blir dei fleste skorsteinar feia like ofte, uavhengig av om huseigar har fyrt mykje eller lite. Dette er lite målretta.

Målet med pipesensoren er først og fremst å førebygge og hindre sotbrann.
Data frå pipesensorane vil gi brannvesenet eit langt betre faktagrunnlag for å vurdere når kvar enkelt skorstein treng feiing, og slik gjere det mogleg å drive meir effektiv og målretta førebygging.

Kva kostar tenesta?

- Eit overlegent verktøy over tid

- Offentleg sektor treng innovative løysingar som hjelper oss å gi betre tenester til innbyggarane. Vi skal bruke skorsteinsmonitorering for å sjå om vi kan spare tid og ressursar, og samstundes auke kvaliteten i tenesta vår, seier leiar for brannførebyggande avdeling i Bjørnafjorden brann og redning, Espen Storum.

Espen Storum er leiar for brannførebyggande avdeling i Bjørnafjorden brann og redning. Midtsiden

Først 400 - så kanskje alle 12 000 pipene i Bjørnafjorden

- Sensoren les av temperaturen og gir oss presise indikatorar på reelt brukarmønster knytt til kvart enkelt pipeløp. Over tid er dette eit overlegent verktøy for risikovurdering, varsling av pipebrann og skreddarsydd innbyggaroppfølging. Dei neste to åra skal vi skal montere 400 pipesensorar i utvalde område i kommunen. Dette skal gi oss beslutningsgrunnlag for vidare bruk av elektronikk i pipa. Avhengig av erfaringane frå testperioden, vil vi vurdere å tilby sensorar i alle dei 12 000 aktive eldstadane i Bjørnafjorden kommune, seier Storum.

Pipesensor og installasjon er gratis. Du betalar ingenting.

Om sensoren

Sensoren er levert av teknologiselskapet Airmont.
Måleeininga måler 128 mm x 66 mm x 53 mm, og blir montert på utsida av skorsteinen. Sensoren har ei levetid på minst åtte år. 
I framtida vil data frå målingane kunne bli brukte til å varsle mogleg sotbrann direkte til 110-sentralen, som organiserer utrykking frå brannvesenet. Målaren er liten og blir montert på utsida av skorsteinen. Frå den svarte boksen blir det trekt ein leidning med sjølve sensoren ned i skorsteinen. Airmont

Personvern

Bjørnafjorden kommune er ansvarleg for at innsamla data blir behandla riktig og etter gjeldande regelverk. Airmont AS drifter den tekniske løysinga og må følgje det same regelverket. Tenesta skal ivareta alle sider av personvern og retningslinjer i personvernforordninga (GDPR).

  • Innsamla data vil berre bli brukte til å gjere risikovurdering, berekne behov for feiing, førebygge sotbrann, og som grunnlag for estimering av utslepp til luft.
  • Informasjonen kan brukast til oppfølging av den enkelte husstanden for smartare, meir sikker og effektiv fyring. På sikt kan innsamla data bli brukte til å varsle ein begynnande sotbrann.
  • Prosessen er heilautomatisert. Ein brannførebyggar vil ikkje kunne sjå detaljerte data tilknytta den enkelte fyringsstaden.
  • Detaljerte data vil ikkje bli lagra lengre enn nødvendig og maksimalt i 14 dagar. Etter dette er alle data anonymiserte.
  • Løysinga er lukka og krev innlogging. Løysinga er berre tilgjengeleg for tilsette i førebyggande avdeling i Bjørnafjorden brann og redning som har behov for tilgang i tenesta.