Meir om skogskjøtsel

Skogskjøtsel omfatter alle tiltak som vert gjennomført i skogen i løpet av eit omløp, som forynging, ungskogpleie, tynning, gjødsling og foryngelseshogst.

Krav til skogskjøtsel er regulert i skogbrukslova og forskrift om bærekraftig skogbruk.
 

Krava gjeld for all skog og skogmark. Skogeigar er ansvarlig for aktivitet i eigen skog, og skal sikre at alle tiltak i skogen vert gjennomført i samsvar med krava. Dette gjeld også om arbeidet vert utført av andre.
 

Formål med krava er å fremme berekraftig forvaltning av skogressursane i landet, med sikte på

  • aktiv lokal og nasjonal verdiskaping
  • å sikre det biologiske mangfaldet, omsyn til landskapet, friluftslivet og kulturverdiane i skogen
  • sikre miljøverdiane i skogen, aktiv forynging og oppbygning av ny skog og god helsetilstand i skogen

Etter hostiltak skal skogeigar sørgje for at det kjemopp ny skog, og stelle denne slik at den kan produsere skogsvirke i framtida. Plikten til å forynge er ikke oppfylt før forynging er etablert.
 

Skogeigar, eller den som gjør arbeid på vegne av skogeigar, skal ta nødvendige omsyn til biologisk mangfald, friluftsliv, landskap og kulturverdiar ved aktivitet i eigen skog.

Treng du hjelp ved å organisering og oppfølging av nødvendige tiltak i din skog? Kontakt skogbruksansvarleg i kommunen for faglege råd om skjøtsel av skog.

Til toppen