Drikkevatn i Bjørnafjorden kommune

Drikkevatnet i Bjørnafjorden kommune held god kvalitet og er trygt å drikke, så lenge vi ikkje melder om anna.
 

Kor kjem drikkevatnet vårt frå?

Sjå oversikt over vassforsyningsanlegg i Bjørnafjorden kommune.

Vatnet må oppfylle drikkevassforskrifta sine krav til vasskvalitet.

Når varslar vi og korleis?

Vi informerer via heimesida, og varslar på SMS og telefon til berørte innbyggjarar i følgjande tilfelle:

  • Når vi stenger vatnet på grunn av vedlikehald og lekkasjar, både ved planlagt arbeid og i akutte tilfelle
  • Ved kokeanbefaling på drikkevatnet

Vi varsler planlagte aktivitetar til råka abonnentar dagen før. Sårbare abonnentar vil bli varsla nokre dagar på førehand.  Ved akutte hendingar varsler og informerer vi så raskt vi kan.
Les meir om telefonvarsling

Når må du koke drikkevatnet?

Bjørnafjorden kommune tar vassprøver kvar veke for å sikre at alt vatn i springen din er trygt, klart og utan spesiell lukt, smak eller farge. 

Sjå prøveresultat for drikkevatnet.

Dersom prøvene viser at vatnet ikkje er 100 prosent trygt, sender vi varsel via SMS og telefon om at drikkevatnet må kokast.

Dersom det oppstår brot i vassleidningar, slik at det er fare for forureining av vatnet, kan det òg vere at du får melding om å koke drikkevatnet fram til vi har fått svar på eventuelle bakterieprøver.

Vi sender ny melding når drikkevatnet er trygt igjen.
Informasjonen på bjornafjordenkommune.no vil bli løpande oppdatert i slike situasjonar.

Dersom vi sender ut kokevarsel, ber vi deg følgje Folkehelseinstituttet sine råd:
Kva skal du gjere når du får varsel om at drikkevatnet må kokast? (PDF, 72 kB)