Slik skriv vi i Bjørnafjorden kommune

Bjørnafjorden kommune skal kommunisere på ein open og tydeleg måte.
Mange skal forstå og ta stilling til det vi formidlar. Då må vi skrive på ein måte som alle forstår. Vi må bruke eit språk som er tydeleg og tilpassa mottakaren.
I tillegg må vi ordne informasjonen på ein måte som gjer det enklare å lese og oppfatte bodskapen vår.

Ved å skrive enklare og tydelegare vil du spare mottakaren, kommunen og deg sjølv for tid, pengar og frustrasjon. 

I korte trekk: Set deg inn i mottakaren sin situasjon. Bruk vanlege ord. Skriv korte setningar. 

Enkelt å forstå

Denne nettsida er ein språkprofil.
Målet med språkprofilen er å gjere det enklare for deg å skrive rett, enkelt og godt, slik at mottakarane forstår kva du meiner med det du skriv.

Klart språk

Språkprofilen inneheld både skriveråd for eit klart språk og skrivereglar for korrekt språk. Språkprofilen skal vere eit hjelpemiddel til alle tilsette slik at kommunen kan forbetre den skriftlege dialogen med innbyggarane, folkevalde og andre målgrupper.

Nynorsk

Vi skriv nynorsk i Bjørnafjorden kommune. Det betyr at alt du sender frå deg eller presenterer som tilsett i Bjørnafjorden kommune, skal vere på nynorsk. Dette greier du. 
Det er politisk vedtatt at vi som er tilsette i Bjørnafjorden kommune skal bruke nynorsk i jobben vår. 

Tilbake til hovudsida 

Språkprofilen er sett saman av Mari Lyssand og Ragnhild Stende Bjaadal, kommunikasjonsrådgivarar i Bjørnafjorden kommune.
Språkprofilen er ikkje ein fasit, men eit verktøy som skal gjere det enklare for deg å skrive godt.

Saknar du noko, ser du noko som er feil eller har du eit spørsmål om språk?
Ta svært gjerne kontakt på sprak@bjornafjorden.kommune.no

Artikkelliste