Tilgjengelegheitserklæring - kva må du som leverandør gjere?

Frå 01.02.2023 skal alle offentlege nettstader ha ein tilgjengelegheitserklæring. Det vil seie at Bjørnafjorden kommune må ha ein erklæring for www.bjornafjorden.kommune.no.

Bjørnafjorden kommune har ansvar for at alle våre tenester som heilt eller delvis består av tredjepartløysingar også har ein tilgjengelegheitserklæring.

Det betyr at du som leverandør leverer løysingar som ein del av dei digitale tenestene til innbyggarane våre no må lage ein slik tilgjengelegheitserklæring.

Les meir om kva ein tilgjengelegheitserklæring er på sidene til Tilsynet for universell utforming.


Steg 1 – Teste løysinga

Om testing

Det første du må gjere er å teste løysinga mot 47 krav frå standarden WCAG 2.1. Bruk vår sjekkliste for å dokumentere testinga. Sjølve testinga bør gjennomførast av ein fagperson som har kompetanse innan universell utforming. Det kan vere ein webdesigner, frontend-utviklar, testar eller tilgjengelegheitsekspert. Dersom bedrifta di manglar kompetanse, kan du velje å leige inn kompetanse for eigen rekning. Vi tilrår at de heller bygger opp kompetansen internt, fordi dette skal gjerast årleg og bør bli ein del av den rutinemessige kvalitetssikringa.

Slik gjer du:

  • Last ned sjekkliste for tilgjengelegheitserklæring (XLSX, 123 kB)
  • Har du ein stor nettstad med mange sider som er bygd opp ulikt (diverse sidetyper), kan du teste eit representativt utval. Sørg for at du har testa funksjonar i løysinga di.
  • Gå gjennom sjekkelista for krav
  • Svar «ja» for dei krava som er oppfylt.
  • Hak av for «vi har ikkje denne typen innhald», dersom eit krav ikkje er aktuelt. Dette gjeld til dømes krav om teksting av video som kun er aktuelt om nettstaden har video.
  • Dersom eit krav ikkje er oppfylt, må du svare «nei». I tillegg må du skildre kva som ikkje er oppfylt, kvifor kravet ikkje er oppfylt og seie kva slags konsekvensar det kan få for brukarane.
  • Til dømes: «Videoane våre manglar teksting. Dette er fordi løysinga vår ikkje har funksjonen for å legge inn tekst. Dette kan medføre at høyrselshemma ikkje kan oppfatte innhaldet».
  • Sende ferdig utfylt sjekkliste til Bjørnafjorden kommune. Bruk digitalt skjema for innsending av sjekklister for tilgjengelegheitserklæringar.


Steg 2 – Fylle ut sjølve erklæringa

Dette steget er det vi i Bjørnafjorden kommune som utfører. Når vi har mottatt ferdig utfylt sjekkliste, vil vi legge inn svara frå lista i ei fellesløysing som heiter uustatus. Denne løysinga er laga av Digitaliseringsdirektoratet og Tilsynet for universell utforming av IKT (uutilsynet).

Tilgjengelegheitserklæringa skal ha ein tilbakemeldingsfunksjon, slik at brukarane kan melde frå om eventuelle feil. Bjørnafjorden kommune legg inn informasjon om dette.

Når vi har lagt inn all informasjon, generer uustatus ei lenke til den ferdige tilgjengelegheitserklæringa.


Steg 3 – Publisere lenke godt synleg på nettstaden

Bjørnafjorden kommune vil sende deg som leverandør lenka til den ferdige tilgjengelegheitserklæringa. Denne lenka skal heite «tilgjengelegheitserklæring», og du må publisere den godt synleg på nettstaden, gjerne i nærleiken av personvernerklæringa.

Erklæringa skal ligge på nettstaden den gjeld for. Plassering av lenka kan Bjørnafjorden kommune og du som leverandør avgjere i fellesskap.

Ein god stad kan vere nedst på nettstaden eller saman med personlege innstillingar.