Søk om støtte frå Den kulturelle spaserstokken

Den kulturelle spaserstokken er ei nasjonal kultursatsing som har som mål å syta for:

  • profesjonell kunst- og kulturformidling av høg kvalitet til eldre
  • å la gode kunst- og kulturprosjekt for eldre bli utvikla innanfor eit mangfald av sjangrar og uttrykk
  • å tilrettelegga for eit godt samarbeid mellom kultursektoren og omsorgssektoren

Kven kan søka om støtte frå Den kulturelle spaserstokken?

Frivillige lag og organisasjonar kan søka om støtte til kulturarrangement for eldre

Vilkår

Utøvande kunstnarar kan søka om utviklingsmidlar til prosjekt for eldre.

Vilkår

  • Godt og relevant kunst- og kulturfagleg innhald
  • Kunstnaren må ha organisasjonsnummer

Slik søker du

Send din søknad på elektronisk søknadsskjemaSøknadsfrist: Avklaring om ordninga kjem. Det er førebels ikkje mogleg å søkje.

Rapport 

Alle som har fått tilskot til kulturelle arrangement for eldre via Den kulturelle spaserstokken må senda inn ein elektronisk rapport innan årsskifte.  

Sjå  Vestland fylkeskommune sine sider om ordninga på fylkesnivå.

Kontakt

Grete Byrkjeland
Rådgjevar
Telefon: 94853607
Mobil: 94853607
Til toppen