Os frivilligsentral

Frivilligsentralen er ein møteplass for menneske i alle aldrar. Det sosiale felleskapet og det levande, inkluderande nærmiljøet står i fokus - anten du treng hjelp til noko eller ønskje å hjelpa andre gjennom frivillig arbeid.

Os frivilligsentral held til i Det gamle kommunehuset på Kyrkjeflaten, og organiserer ei rekke ulike aktivitetar for ulike grupper, som til dømes hobbytreff, teikne- og malekurs, aktivitetsvenn, språktreff mm. For frivillige lag og organisasjonar kan frivilligsentralen vere ein samarbeidspartnar og eit kontaktpunkt.

Du er òg hjarteleg velkomen innom for ein kopp kaffi og ein prat!


Les meir på våre nettsider Os frivilligsentral i Hordalandfølg oss på facebook  Os frivilligsentral | Facebook og Instagram

Vi driv og BUA Bjørnafjorden, utlånssentralen i kommunen. Sommaren 2021 opna BUA Os vegg i vegg med biblioteket i Holtbrekka 7, med gratis utlån av friluftsutstyr. Hausten 2022 opna BUA Eikelandsosen i Kommunetunet.

Her kan du lesa meir om utstyrsbiblioteket BUA Bjørnafjorden, 

Følg BUA Bjørnafjorden på Facebook og Instagram

Kontakt

Stine Kobbeltvedt
Leder
Telefon: 94396618
Mobil: 94396618