Bålbrenning i Bjørnafjorden

Frå 15. april til 15. september er det forbode å tenne bål i skog eller utmark, med unntak av på godkjente bålplassar.

Dersom du skal brenne bål i skog eller utmark i denne perioden, må du først søkje om godkjenning frå Bjørnafjorden brann og redning.

Søk om godkjenning for å brenne bål

Reglar for bålbrenning

Bjørnafjorden brann og redning og Bjørnafjorden lensmannskontor har saman laga denne rettleiaren for å gi informasjon og råd til deg som har planar om å gjere opp eld utandørs. (PDF, 2 MB)

Målet med rettleiaren er å førebygge skade og ulempe med bålbrenning, informere innbyggarane i kommunen om kva lovar og reglar som gjeld og kva omsyn som må ivaretakast

Usikker på regelverket?
Sjå § 3 Generelle krav til aktsomhet under innleiande bestemmelser i rettleiing til forskrift om brannførebygging, oppdatert januar 2016 av Direktoratet for samfunnsikkerhet og beredskap (DSB). 

Du treng ikkje søkje for:

Brenning av hageavfall

Du kan brenne hageavfall i hagen din heile året, med unntak av i totalforbodsperiodar med stor brannfare. Vis omsyn til naboar og bumiljøet. Det er ulovleg å brenne søppel og spesialavfall, som til dømes byggematerialar, plast og store pappmengder. Dette skal kastast i restavfall eller leverast på miljøparken (gjenvinningsstasjonen). Brot på forureiningslova kan straffast med bøter.

Sankthans-bål 

Du treng ikkje søkje brannsjefen om løyve til å brenne bål denne dagen og kvelden, men du må be grunneigar om lov.

  • Bålet må ha god avstand til bygningar, vegetasjon og brennbart materiale.
  • Du må ta omsyn til vind, og ha rikeleg med sløkkevatn tilgjengeleg
  • Ein ansvarleg vaksen må vere til stades
  • Det er ikkje lov å brenne søppel eller spesialavfall, som til dømes trykkimpregnerte materialar.