Vi beklagar at alt ikkje er på plass enno....

Tekniske utfordringar gjer at du dessverre ikkje får opp telefonnummer når du søker etter tilsette i Bjørnafjorden kommune, berre e-postadresse. Ring sentralbordet på 56 57 50 00 for å bli sett over.
 

Informasjon for utøvande kunstnarar

Lenker til interesseorganisasjonar, produsentar og formidlarar av kunst og kultur i regionen vår.

Musikk

  • BRAK 
    Kompetansesenter for alle som driv med musikk i Vestland fylke.

  • AKKS 
    Musikkorganisasjon som arbeider for kjønnsbalanse i alle ledd av musikkbransjen. Formålet er å rekruttera, motivera og synleggjera kvinner i alle ledd av musikkbransjen i Noreg.

  • Komponistforeningen

Scene og dans

  • PROSCEN   
    Produsenteining for scenekunst, kompetanse- og samarbeidsorganisasjon for produksjon og formidling av scenekunst med utgangspunkt i Vestland. Formålet er å betra vilkåra for fri scenekunst gjennom rådgiving, rettleiing og produsenttenester.

  • Bergen Dansesenter
    Regionalt kompetansesenter for dans.

Skrivekunst

  • Norsk forfattersentrum
    Medlemsorganisasjon for forfattarar med omlag 1400 medlemmar i heile landet. Skaper kontakt mellom forfattarar og publikum, og sikrar at forfattaren får riktig honorar. 

Visuell kunst og film

  • Hordaland kunstsenter (HKS)  
    Sjølvstendig, regional formidlingsinstitusjon for biletkunst og kunsthandverk. Senteret blir drive i fellesskap med Bildende Kunstneres Forening Hordaland (BKFH)  og Norske Kunsthåndverkere Vest-Norge (NKVN)  Senteret ligg i Bergen og har gamle Hordaland fylke som sitt primære verkeområde.

  • VISP 
    Produksjonseining og foreining for alle som arbeider profesjonelt innan visuell kunst i Vestlandland og Rogaland, som kunstnarar, galleristar, produsentar, kritikarar, kuratorar og teknikarar.

  • Res Artis 
    Verdsomspennande nettverk av kunstnarbustader. Organisasjon med over 500 senter, lag og enkeltpersonar i over 70 land. 

  • Vestnorsk filmsenter 
    Kompetansesenter for filmmiljøet på Vestlandet. Profesjonelle filmskaparar i Møre og Romsda og Vestland kan søka tilskot. 

Internasjonalt

Bruk av åndsverk/opphavsrett

  • BONO
    Biletkunst med opphavsrett i Noreg.

  • TONO 
    Forvaltar og beskyttar opphavsrettar.
     
  • KOPINOR  
    Inngår avtalar om kopiering og bruk av åndsverk. 
Til toppen