Fritidsfiske

Os er eit eldorado for fritidsfiskarar, anten du vil fiska etter laks i Oselvo eller torsk, sei, lyr og makrell i sjøen.

Oselvo

Oselvo er ei kjend lakseelv, med aukande laksestamme. Årleg vert det fiska mellom to og tre tonn laks. Heile Osvassdraget er varig verna mot utbygging.

Du kan fiska etter laks i Oselvo i perioden 15. juni til 15. september. Du må ha fiskekort. Les meir om laksefiske i Oselvo eller kjøp fiskekort på Inatur. For å fiske etter laks og sjøaure i norske vassdrag, må du i tillegg til å kjøpa fiskekort, betala den årlege fiskeravgiften til Miljødirektoratet.

Ulvenvatnet

Aure av god kvalitet, snittvekt 250 gram. Du kan fiska i Ulvenvatnet heile året, men du må kjøpa fiskekort. Les meir om fiske i Ulvenvatnet og båtutleige.

Fritidsfiske i sjøen

Det finst mange fine fiskeplassar i skjærgarden vår. Du kan fiska frå både land og båt heile året. For fiske etter sjøaure og laks, må du vera merksam på fredningssonene, som den ved munninga av Oselva (sjå kart og meir informasjon om dette hos statsforvaltaren i Vestland).  Hugs også å respektere minstemålet på all fisk. Du treng ikkje fiskekort for å fiska i sjøen.

Utleige av båt og kajakk

Til toppen