Beredskapsorganisasjonen i Bjørnafjorden kommune

Målet for arbeidet vårt med samfunnssikkerheit og beredskap er at heile Bjørnafjorden skal vera ein trygg og robust kommune å bu, arbeida og opphalda seg i. Dette arbeider vi med kontinuerleg.

For å greia å nå dette målet, driv vi førebyggande arbeid. Vi har beredskapsplanar og ein beredskapsorganisasjon for å handtera uønskte hendingar som oppstår. Beredskapsorganisasjonen øver regelmessig, slik at vi kan mobilisera så raskt og effektivt som mogleg ved ein krisesituasjon.

    Nødetatar

    Nødetatane våre - brann, politi og helse - rykker ut og tek seg av dei uønskte hendingane der dei skjer rundt omkring i kommunen. Dei utgjer det ordinære hjelpeapparatet vårt.

    Kommunal kriseleiing - KKL

    KKL blir etablert ved hendingar som krev meir enn ordinære rutinar og redningsteneste, som berører fleire område og krev samordning, som rammar kritiske funksjonar i samfunnet, som har store konsekvensar, og som skaper frykt eller bekymring i befolkninga.

    KKL koordinerer og leiar kommunen sin innsats og har det strategiske ansvaret ved slik hendingar. KKL skal ivareta overordna interesser og sørga for at kommunen greier å oppretthalda drifta si på viktige område også i ein krisesituasjon.

    KKL er organisert etter stabsmodell med faste roller og funksjonar. KKL blir leia av kommunedirektøren. Dei andre funksjonane er nestleiar (ass. kommunedirektør), skadestadskontakt (kommuneoverlege), ansvarlege for personell (personalsjef), logistikk (kommunalsjef for samfunnsutvikling) og informasjon (kommunikasjonsrådgivar). Ordførar er med som politisk vald representant, og representerer kommunen ut mot innbyggarar og media. Det er personlege varafolk for alle rollane. 

    Psykososialt kriseteam

    Psykososialt kriseteam skal sørga for oppfølging og støtte i akuttfasen til menneske og lokalsamfunn som blir ramma av kriser og uønskte hendingar. Det ordinære hjelpeapparatet i kommunen har ansvar for vidare oppfølging. Psykososialt kriseteam skal òg bemanna pårørandetelefon, når det er behov for å oppretta det. 

    Beredskapsråd

    Bjørnafjorden beredskapsråd er eit samarbeidsorgan for kommunale og statlege myndigheiter, privat næringsliv og frivillige lag og organisasjonar. Rådet skal vera eit forum for informasjonsutveksling og for å klargjera ansvars- og rolledeling mellom eksterne samarbeidspartar og den kommunale kriseleiinga. Det blir leia av ordføraren.

    Til toppen