Vatn og avløp: Rettleiing til deg som er privatperson

Her finn du informasjon om ansvar, krav og prosessar knytt til vatn og avløp i Bjørnafjorden kommune.

Mange trur kommunen har ansvar for leidningane utanfor tomtegrensa. Dette stemmer ikkje. Huseigar er sjølv ansvarleg for private stikkleidningar òg på annan mann sin grunn. Dersom din private stikkleidning er kopla direkte på offentleg leidning, er du ansvarleg for drift og vedlikehald av stikkleidningen.

Som huseigar har du ansvar for private stikkleidningar og fellesleidningar

Private stikkleidningar

Private stikkleidningar: Mange huseigarar trur kommunen har ansvar for leidningane utanfor tomtegrensa. Dette stemmer ikkje.
Huseigar er sjølv ansvarleg for private stikkleidningar òg på annan mann sin grunn. Dersom din private stikkleidning er kopla direkte på offentleg leidning, er du ansvarleg for drift og vedlikehald av stikkleidningen, inkludert anboringa (tilknytinga til hovudleidningen).

 

Private fellesleidningar

Private fellesleidningar er leidningar der fleire eigedomar er kopla på. Dersom du er kopla til eit privat fellesnett av vassleidningar før du kjem til kommunalt eigd nett, har du medansvar for desse leidningane. Dette gjeld fram til og med anboring (tilknyting) på offentleg leidning.  
I «Standard abonnementsvilkår for Bjørnafjorden kommune» heiter det: «Kvar eigar er solidarisk ansvarleg for heile fellesleidninga eigedomen er tilknytt, med minder noko anna er avtala». Eigarane i sameige kan sjølv bestemme korleis dei vil fordele utgiftene. Bjørnafjorden kommunen krev at slike avtalar skal tinglysast, sånn at den dagen det skjer eit røyrbrudd eller eit anna problem med fellesleidningen for vatn eller avløp, så veit alle dei som er kopla til fellesleidninga på førehand at dei er medansvarleg for kostnadane for dette.

Det er di plikt å stanse lekkasjar

Når du eig eit bygg som er knytt til den kommunale vassforsyninga, er leidningen frå bygget og fram til den kommunale hovudleidningen ditt ansvar og din eigedom.

Gjeldande reglar
  • «Standard abonnementsvilkår, administrative og tekniske bestemmelser»
  • Plan og bygningsloven § 31 Vedlikehaldsplikt.
  • Plan- og bygningsloven § 32-5 Pålegg og ilegging av tvangsmulkt
  • Forvaltningsloven § 16 Krav om førehandsvarsling


Ver spesielt merksam på standard abonnementsvilkår sine administrative bestemmingar i kapittel 3 punkt 7, kor det kjem fram at kommunen kan gi pålegg om reparasjon i samband med lekkasje og pålegge andre kompenserande tiltak.

Er de fleire som deler same stikkleidning?

Dersom fleire eigedommar har same stikkleidning som er knytt til den kommunale hovudleidningen, er det ofte gjort avtalar om vedlikehald. Dersom avtalen er tinglyst, kan du finne han hos Kartverket. Dersom det ikkje finst skriftlege avtaler, pålegg  normalt abonnementsvilkåra til kommunen eigarane eit solidarisk ansvar for å halde den felles stikkleidningen ved like.

Kvifor er det så viktig å stanse lekkasjar raskt?
  • Lekkasjar fører til meirutgifter for vassverka - og dermed auka gebyr for deg som abonnent.
  • Redusert risiko for at du og naboane dine mister vatnet.
  • Når trykket i leidningen fell på grunn av lekkasjar, aukar faren for at det siv inn forureina vatn frå grunnen og inn i vassleidningen.
  • Trykket i vassleidningen din blir betre.
  • Redusert risiko for at du får vasskade på eigedomen din.
  • Når ein vasslekkasje først har oppstått, vil han kunne utvikle seg til eit større leidningsbrot med påfølgjande store skadar på bygg og terreng.
  • Lekkasjar på private leidningar gjer det vanskelegare å oppdage større lekkasjar på dei kommunale leidningane.
  • Det er miljøvennleg og god økonomi å ta vare på vatnet ved å stanse lekkasjar på leidningane.
Slik går du fram for å stanse lekkasjen

Du bør straks kontakte:

  • Forsikringsselskapet ditt
  • Eit godkjent røyrleggarfirma som driv med lekkasjelytting

Gjennom lekkasjelyttinga kan vasslekkasjen lokaliserast. Dersom lekkasjelyttinga viser at det er lekkasje på leidningen din, må leidningen gravast fram. Gravearbeidet må ikkje starte opp før lekkasjestaden er lokalisert.

Berre eit godkjent røyrleggarfirma kan reparere leidningen. Dersom leidningen er gammal og i dårleg stand, er det som regel lurt å skifte heile leidningen for å unngå lekkasjeproblem i framtida.

Reparasjon av brot på vassleidningen er normalt ikkje søknadspliktig etter plan- og bygningslova. Om du må skifte ut leidningen, må du søke etter plan- og bygningsloven § 20-1 første leddet bokstav a, med mindre kommunen gjer særskilt unntak.

Dersom anboringa må skiftast, må røyrleggarfirmaet som hjelper deg med reparasjonsarbeidet, ta kontakt med kommunen. 

Dersom lekkesjelyttarane ikkje finn nokon lekkasje på leidningen din, vil kommunen dekke utgiftene du har betalt firmaet. Kommunen vil i desse tilfella ikkje dekke kostnader til gravearbeid.

NB! Vi ber om tilbakemelding snarast dersom du ikkje finn lekkasjestaden.

Avslutning av saka

Etter utført reparasjon skal røyrleggaren levere røyrleggarmelding med beskriving og kartskisse av utført arbeid til eining for Samferdsel og VA i Bjørnafjorden kommune.

Vi avsluttar saka når dette er mottatt.

 

Tinglyste avtalar: Kva bør ein slik avtale innehalde?

Mal for avtale om private fellesleidningar

Her er ein mal du kan bruke for å lage avtale om private fellesleidningar 
På same nettside finn du òg mal for avtale om stikkleidningar over annan manns grunn.
Legg alltid med kart som viser kva som er private stikkleidningar, kva som er fellesleidningar og kor dei er kopla til kommunalt eigd nett.
Når du skal lage avtale om private fellesleidninga, må du vise trasé heilt fram til staden der kommunen eig vass- eller avløpsleidninga. Ta kontakt med VA-avdelinga i kommunen dersom du er i tvil om kor dette er.

Sjå informasjon om korleis registrere lag eller foreining på Brønnøysundregisteret sine nettsider.

I Bjørnafjorden kommune starta vi i slutten av 2021 å følgje opp krav, om at avtalar om private fellesleidningar og/eller rett til å gå over anna manns grunn er tinglyst, før ein får rammeløyve i byggesaka. Ved søknad om frådeling må ein få avtalane signert av alle nødvendige partar og så må tinglysing av avtalane skje i samband med tinglysing av eigedomen. Ved signering av avtala i førekant, må ein la feltet for bruksnummer, festenummer og seksjonsnummer stå opent, fram til ein veit kva nummer den nye eigedomen får. Dette vil saksansvarleg i frådelingssaka fylle inn for deg.

Skal du søkje?

Prosesflyt - Frådeling til ferdig byggesak
Prosessflyt

 

Skal du gå i gang med å regulere eit område og treng informasjon om korleis Samferdsel og VA-avdelinga skal involverast i prosessen?

Som privatperson må du kontakte eit firma med plankompetanse som kan hjelpe deg med reguleringsprosessen. Sjå informasjon til profesjonelle aktørar.

Skal du bestille påvising av kommunale vass- og avløpsleidningar?

Avdeling for VA i Bjørnafjorden kommune påviser berre installasjonar der vi er anleggseigar og har eigaransvar for drift eller framføringsveg for vass- og avløpsleidningar. Vi påviser ikkje private VA-leidningar eller andre typar private installasjonar. Ved bestilling, legg ved kart og skriv kva gards- og bruksnummer du treng opplysningar om.

For bestilling av påvising eller ved spørsmål ta kontakt på e-post vva@bjornafjorden.kommune.no

Skal du søkje om deling av grunneigedom (frådeling) eller skal eit firma søkje om rammeløyve i byggesaka di?

Dersom du skal søkje om deling av ein ny eigedom, eller eit firma skal søkje om rammeløyve på ein tidlegare frådelt eigedom (der vatn og avløp ikkje er sikra frå før), krev plan- og bygningslova at vatn og avløp skal vere sikra, før du kan få løyve.

  1. Før du kan søkje om dette, må du ha sikra deg tinglyste rettar om tilkopling til private fellesleidningar som du eventuelt treng å kople deg til. Alle som eig leidninga må skrive under på at du kan kople deg til. I avtalen må det kome fram korleis ansvaret for framtidig drift og vedlikehald skal ivaretakast.
  2. Du må innhente tinglyst rett til å gå over eventuelle naboeigedomar der du skal bygge ny leidning for å kome deg til der du skal kople deg på nettet/ev. vasskjelda. 

Vatn: 

  • Sanitærtilkopling- offentleg vatn: I fall du skal kople deg til offentleg vatn, så gjeld denne søknaden som søknad om sanitærabonnement. Ved å få løyve til å kople seg til offentleg vatn, så er vatn sikra, slik føresegnene i plan- og bygningslova krev. Punkt 1 og 2 gjeld og for tilkopling til offentleg vatn. 

Privat vatn(større privat vassverk): Skal du kople deg til eit større privat vassverk, må du innhente tilkoplingsløyve frå vassverket. Ta kontakt med leiar for vassverket og innhent skriftleg løyve. Løyvet må leggast med når du søkjer i dette skjemaet. Større private vassverk må følgje reglane i drikkevassforskrifta og det er ikkje nødvendig med tinglyst rett til å kople seg til eit slik større vassverk. Du må sjå i vedtektene til vassverket kva som gjeld fellesleidningar, rettar og pliktar og kven som eig leidninga der du skal kople deg til. Punkt 1 og 2 gjeld og for alle større private vassverk. 

Liste over større private vassverk:   

Baldersheim Vassverk SA 

Nordtveit Vassverk SA 

Skjørsand og Fusa Vassverk SA 

Strandvik og Vinnes Vassverk SA 

Sævareid Vassverk                                                                                                   

Privat vatn (små fellesvassverk) produksjon mindre enn 10 m3/døgn( dette utgjer maksimalt ca. 50 personar eller mellom 2-20 bueiningar). Skal du kople deg til eit eksisterande anlegg, må du innhente tinglyst tilkoplingsløyve frå registrert anleggseigar. Du må og innhente tinglyst løyve til at din eigedom får knyte seg til vassanlegget på den eigedomen der den ligg. I den avtala må det avklarast korleis ein skal dele ansvaret for dei felles private leidningane og anlegga (drift og vedlikehald). Punkt 1 og 2 gjeld og for alle små fellesvassverk.                                                     

Overflatevatn (t.d. elv, bekk, kjelde, vatn). Skal du etablere eit slik vassverk, må du ta vassprøve av kjelda og sende det inn til eit firma som er godkjent for å analysere drikkevassprøvar. Viss vatnet held god kvalitet, kan det brukast som drikkevatn. Etter etablering må ansvarleg eigar ta vassprøve av råvatnet og drikkevatnet (frå kran inne) ein gong i året og rapportere inn dette. Sjå lenke med meir informasjon: Informasjon til de minste vannforsyningssystemene (mattilsynet.no)  Du må og registrere vassverket i Mattilsynet sin database for små fellesvassverk. Lenke for registrering finn du her: https://www.mattilsynet.no/mat_og_vann/drikkevann/registreringogplangodkjenning/slik_registrerer_du_smaa_vannforsyningssystem.29978     

Grunnvatn  Skal du bore etter vatn?
a) «Forskrift om oppgaveplikt ved brønnboring og grunnvannsundersøkelser», krev at det utarbeidast en rapport i samband med boring. Det er borefirmaet som er ansvarleg for å utføre dette, men opplysningsplikta til NGU skal alltid nemnast for boreselskapet før boring. Rapporten skal sendast inn innan 3 månader etter boring.  Det skal registrerast i registeret over grunnvassbrønner (GRANADA).

b) § 27-1 i plan- og bygningslova krev at hygienisk og tilstrekkeleg vatn skal vere sikra før kommunen gir løyve til frådeling av ny tomt eller bygging på allereie eksisterande tomter. Vi godtar skriftleg stadfesting frå brønnselskap om at det er vatn av tilstrekkeleg mengde og kvalitet i området, basert på tidlegare grunnboringar i same grunnvasskjelde. Rapport som viser kvaliteten på vatnet (vassanalyse etter krava frå Mattilsynet) frå same kjelde må sendast inn til kommunen saman med søknad om sanitærtilkopling/førehandsuttale privat VA. Ein må og gjere søk i databasen for grunnforureining og sjå at det ikkje er registrert grunnforureining i tilsigsområdet for vatn i området ein skal bore. Lenke til kartteneste for grunnforureining finn du her: http://grunnforurensing.miljodirektoratet.no

3) Vi krev at det skal takast vassprøve av vatnet og at analyserapporten skal sendast inn ved innsending av "Søknad om sanitærtilkopling/førehandsuttale privat VA". Du må få analysepakke tilpassa privat borebrønn /grunnvatn. Her får du klarlagt vatnets bruksmessige kvalitet i tillegg til hygieniske kvalitet.  Djupe grunnvassbrønnar kan være noko meir påverka av mineral og metall som kan påverke lukt, smak og farge enn en for overflatevatn (spesielt jern, mangan og kalk).  

Privat vatn (enkeltvassforsyning): Gjeld anlegg med berre ein bueining kopla til. I fall ein har ein einebustad med to bueiningar (hovudhus og ei eiga bueining i til dømes kjellaren), er det reglane for små fellesvassverk som gjeld. Det gjeld same reglar for fritidsbustad. For enkeltvassforsyning er det eigar sjølv som har ansvar for at drikkevatnet er helsemessig trygt, klart, utan framtredande lukt, smak og farge. Du må ved etablering av vassverket levere vassprøve til analyse og legge med dokumentasjon til kommunen,  som vis at drikkevatnet er hygienisk trygt. Plan- og bygningslova krev dette. Ta dei same prøvane som vert kravd for små fellesvassverk.  

Avløp:  

Text Box

  • Sanitærtilkopling- offentleg avløp: I fall du skal kople deg til offentleg avløp, så gjeld søknaden og som søknad om sanitærabonnement. Ved å få løyve til å kople seg til offentleg avløp, så er avløp sikra, slik føresegnene i plan- og bygningslova krev.  Punkt 1 og 2 gjeld og for tilkopling til offentleg avløp. 
  • Større privat avløpsanlegg over 50 pe (kap. 13- anlegg):  

a) Eksisterande avløpsanlegg over 50 pe: Du kan søkje om å kople deg til eit eksisterande avløpsanlegg over 50 pe. Du må innhente tilkoplingsløyve frå eigar/eigarane av anlegget. Denne må tinglysast. Du må og innhente utsleppsløyve for anlegget du skal kople deg til, og ein oversikt over kva bueiningar som er kopla til anlegget frå før, som er planlagt tilkopla og kor mange pe kvar av bueiningane bruker av det som er godkjent i utsleppsløyvet. Punkt 1 og 2 gjeld og for tilkopling til større privat avløp. 

b) I fall du skal etablere eit nytt større privat avløpsanlegg over 50 pe, må du, før du leverer inn denne søknaden, følgje saksgongen her: 

Etter § 2 i «Lov om kommunale vass- og avløpsanlegg» (vass- og avløpsanleggslova), kan kommunen etter søknad gi løyve til samanslåing, vesentleg utviding av eksisterande private vass- og avløpsanlegg eller til etablering av nytt privat anlegg. Kommunen kan gi løyve viss det private anlegget er så langt frå offentleg eigd anlegg at  §§ 27-1 eller 27-2 i plan- og bygningslova ikkje medfører krav om tilkopling til offentleg anlegg, eller at kostnadene ved å knyte seg til det offentlege anlegget vil vere uhøveleg store eller andre særlege omsyn talar for det.     

Nye anlegg skal organiserast som andelslag eigd av brukarane. Kommunen avgjer om det elles skal stillast særlege vilkår for løyvet. Ved samanslåing eller vesentleg utviding av eksisterande anlegg avgjer kommunen om det skal stillast særlege vilkår for løyvet. Når særlege omsyn talar for det, kan kommunen krevje at anlegget skal organiserast som andelslag eigd av brukarane. 

Saksgang 

Dette betyr at det også er søknadsplikt etter vass- og avløpsanleggslova for samanslåing, vesentleg utviding og etablering av nye private vass- og avløpsanlegg. 

Trinn 1: Du må søkje på skjema « Søknad om private vass- og avløpsanlegg etter vass- og avløpsanleggslova». Saksbehandlingsfristen på denne søknaden er 4 veker. 

Trinn 2: Vent på svar frå kommunen. I fall løyve gis, må firmaet som er godkjent for å søkje om utsleppsløyve etter kap. 13, søkje om utsleppsløyve. Du som privatperson kan ikkje søkje om utsleppsløyve. Sjå informasjon på heimesida om utsleppsløyve frå 50 pe

Trinn 3: Hugs at tiltaket og må søkast om etter plan- og bygningslova. Før du kan søkje om løyve til bygging frå avdeling for byggesak, må du sende inn skjema "Sanitærtilkopling/førehandsuttale privat VA". Punkt 2 gjeld og for etablering større privat avløp. 

 Mindre privat avløpsanlegg under 50 pe (kap. 12- anlegg):  

a) Eksisterande avløpsanlegg under 50 pe: Du kan søkje om å kople deg til eit eksisterande avløpsanlegg under 50 pe. Du må innhente tilkoplingsløyve frå eigar/eigarane av anlegget. Denne må tinglysast. Du må og innhente utsleppsløyve for anlegget du skal kople deg til, og ein oversikt over kva bueiningar som er kopla til anlegget frå før, som er planlagt tilkopla og kor mange pe kvar av bueiningane bruker av det som er godkjent i utsleppsløyvet. Punkt 1 og 2 gjeld og for tilkopling til større privat avløp. 

b) I fall du skal etablere eit nytt anlegg under 50 pe, må du før du leverer inn denne søknaden, ha søkt om og fått godkjent, utsleppsløyve. Utsleppsløyvet må leggast med når du søkjer om førehandsuttale sanitærtilkopling/privat VA. Sjå vår heimeside for meir informasjon om utsleppsløyve. Punkt 2 gjeld og for etablering av mindre privat avløp.  

Gå til søknadsskjema

 

Krav til søknaden

  • Korrekt utfylt digitalt søknadsskjema
  • Vedlegg: Kart/situasjonsplan som viser tiltaket m.m.
  • Vedlegg: Utsleppsløyve (viss eigedommen har/skal ha privat avløp)

Lover, forskrifter, retningslinjer og vedtekter

Plan- og bygningslova, standard abonnementsvilkår

Saksbehandlingstid: VA-avdelinga har tre veker saksbehandlingstid på komplett søknad.

Prosessflyt - skal du søke om bruksendring, bygging av nye bueininger eller bygging av tilbygg eller påbygg
Bruksendring, nye bueiningar, påbygg, tilbygg

 

Skal du søkje om bruksendring, bygging av nye bueiningar eller bygging av tilbygg eller påbygg?

VA-avdelinga må gi førehandsuttale når du skal endre bruken av eit eksisterande bygg, bygge tilbygg, påbygg eller bygge nye bueiningar. Skjemaet skal berre nyttast når det ikkje skal gjerast noko tiltak på det utvendige leidningsanlegget. Vår godkjenning må vere med som eit vedlegg i søknaden til byggesak.  For tiltak som ikkje er søknadspliktige etter plan- og bygningslova med føresegner, gjeld vårt svar som svar på søknaden. Det er krav om at vassmålar blir installert ved bruksendring. Ved etablering av nye bueiningar, skal det installerast ein vassmålar for kvar bueining.

Her finn du digitalt søknadsskjema

Krav til søknaden

  • Korrekt utfylt digitalt søknadsskjema
  • Vedlegg: Kart/situasjonsplan som viser tiltaket
  • Planteikning som viser endringa
  • Vedlegg: Utsleppsløyve (viss eigedommen har privat avløp)

Lover, forskrifter, retningslinjer og vedtekter

 Plan- og bygningslova (pbl), standard abonnementsvilkår for Bjørnafjorden kommune, va-norma, forureiningslova, forureiningsforskrifta, lokal forskrift i Bjørnafjorden for kap. 12 anlegg

Saksbehandlingstid: VA-avdelinga har 3 veker saksbehandlingstid på komplett søknad.

Skal du få gjort noko som krev røyrleggarmelding?

Røyrleggar må sende melding på dine vegner, for dei tiltaka som er lista opp under. Berre røyrleggarar i eit føretak registrert i Brønnøysundregisteret kan søkje om røyrleggarmelding.

Vi krev røyrleggarmelding ved:

  • Reparasjonar ved røyr- og leidningsbrot (akutte og planlagte)
  • Utkopling slamavskiljar
  • Lokal drenering
  • Drenskum
  • Utskifting/utbetring av olje- og feittutskiljar
  • Plugging av eksisterande leidning
  • Brakkerigg/mellombels tiltak som ikkje er søknadspliktig etter pbl (må meldast både med oppstart og avslutning)
  • Nedlegging/fjerning av olje- og feittutskiljarar
  • Tiltak som krev dispensasjon frå «Standard abonnementvilkår» eller føresegner i plan- og bygningslovgivinga

Røyrleggarmelding skal godkjennast i forkant for arbeid som gjeld:

  • Tilkopling av brakkerigg/mellombels tiltak
  • Arbeid som medfører stenging/sperring på offentleg leidning
  • Alle dispensasjonar frå «Standard abonnementsvilkår» eller føresegner i plan- og bygningslovgivinga.  

Alle nye vass- og avløpsanlegg (private stikkleidningar, private fellesleidningar og offentlege leidningar) er søknadspliktige etter plan- og bygningslova og må søkast om til avdeling for byggesak. Du må då nytte skjemaet Sanitærtilkopling/førehandsuttale privat VA.

Gå til digitalt søknadsskjema

Krav til søknaden

  • Korrekt utfylt digitalt søknadsskjema
  • Situasjonsplan som viser kva som skal utførast.

Lover, forskrifter, retningslinjer og vedtekter

Plan- og bygningslova med føresegner og standard abonnementsvilkår for Bjørnafjorden kommune

Saksbehandlingstid: VA-avdelinga har 3 veker saksbehandlingstid på komplett søknad.

Skal du bygge basseng?

Du må søkje om førehandsuttale ved etablering av basseng. Oppføring av permanente basseng er søknadspliktig etter plan- og bygningslova (pbl) §20-1 a eller j. Privat badestamp, jacuzzi eller boblebad som ikkje er kopla til vatn- eller avløpsanlegg er ikkje søknadspliktig. Basseng som skal stå i maks to månader er ikkje søknadspliktig.

Krav til søknaden

  • Korrekt utfylt digitalt søknad om sanitærtilkopling/førehandsuttale privat VA.
  • Situasjonsplan som viser bassenget si plassering.
  • Innvendig planteikning som viser kvar vassmålaren er plassert.
  • Dersom det skal etablerast stikkleidningar, må du sende inn situasjonsplan som viser alle leidningar frå basseng og fram til tilknyting på privat/offentleg leidningsnett.
  • Opplysningar om storleiken på bassenget.
  • Opplysningar om korleis bassenget skal fyllast og tømmast.
  • Produktdatablad på norsk over kjemikaliar og konsentrasjon av kjemikaliar i bassengvatnet.

Ved tømming av bassenget:

  • Vatn frå bassenget skal som hovudregel tømmast til spillvassnettet.
  • Avløpet kan førast til overvassleidninga i dei tilfella overvatnet blir ført til sjøresipient. Går overvatnet til bekk eller sårbar resipient, må dette vurderast særskilt, men blir normalt ikkje tillate.
  • Til offentleg avløpsleidning skal det ikkje tilførast væske eller stoff som nemnd i punkt 3.12.3 i standard abonnementsvilkår for Bjørnafjorden kommune.
  • Maksimalt tillaten dimensjon på utløp/tømmeleidning er 50 mm.
  • For eigedomar som har slamavskiljar (septikkum/tank) er det ikkje tillate å tømme bassenget til spillvassnettet via slamavskiljar.
  • Krav om vassmålar.
  • Tilbakeslagssikring i samsvar med VA-miljøblad 61 og NS1717.

Informasjon og lenke til digitalt vassmålarskjema

Lover, forskrifter, retningslinjer og vedtekter

Plan- og bygningslova, standard abonnementsvilkår for Bjørnafjorden kommune, va-norma, forureiningslova, forureiningsforskrifta, lokal forskrift i Bjørnafjorden for kap. 12 anlegg

Saksbehandlingstid: VA-avdelinga har 3 veker saksbehandlingstid på komplett søknad.

Skal du snart søkje om mellombels bruksløyve eller ferdigattest?

Undersøk først om ansvarleg føretak har sendt inn «Ferdigmelding VA» for VA-arbeidet.

Avdeling for byggesak i kommunen vil ikkje gi mellombels bruksløyve eller ferdigattest før søknaden inneheld svar frå VA-avdelinga på «Ferdigmelding VA».  

Før mellombels bruksløyve eller ferdigattest kan bli gitt, må ferdigmelding bli sendt inn for alle søknadspliktige tiltak som fører med seg etablering av nytt vatn- og avløpsanlegg eller arbeid på utvendig leidningsnett eller anlegg.  Nå når eigedomen er tilknytt vatn eller avløp må du sende inn ferdigmelding for VA-arbeid.

Reparasjon av røyrbrot og nokre få andre saker er ikkje søknadspliktige etter plan- og bygningslova, men kan vere søknadspliktige etter «Standard abonnementsvilkår for Bjørnafjorden kommune». I slike tilfelle skal røyrleggarfirmaet søkje om dette på skjema for «Røyrleggarmelding».

Arbeidet utvendig skal vere ferdig. Ferdigmeldinga skal vere godkjent før eit bygg får mellombels bruksløyve eller ferdigattest frå byggesaksavdelinga.  Ferdigmeldinga må vere sendt inn i god tid før søknad om mellombels bruksløyve eller ferdigattest på bygg.

Krav til dokumentasjon:

Utførande føretak skal sende inn dokumentasjon på endeleg plassering av tiltaket, og nødvendig tekniske data til VA-avdelinga i kommunen. Gjer dette så snart tiltaket er ferdig.

  • Korrekt utfylt digitalt søknadsskjema
  • Kart over private stikkleidningar, private fellesleidningar og tilknytingspunkt til kommunal leidning
  • Informasjon om tiltaket si plassering skal anten skje ved innmålte koordinatverdiar, eller ved korrekt innteikning på VA-leidningskart i M 1:500. Kart med innmålte stikkleidningar, ev. private fellesleidningar og tilknytingspunkt. Stoppekran skal vere innmålt frå hushjørne.
  • Legg ved skjemaet «Registrering av vassmålar» for tilkopling til offentleg vatn på eigedommar som krev det. Koplar du deg til offentleg avløp, er det krav om vassmålar også for privat vatn.
  • Vilkår i «Løyve sanitærtilkopling/godkjenning privat VA» og ev. utsleppsløyve må vere følgde.
  • Gyldig serviceavtale for  minireinseanlegg  - viss eigedommen er knytt til eit privat minireinseanlegg.
  • Utsleppsløyve (viss eigedommen har privat avløp og søkjer om offentleg vatn eller avløp)

Skriftlege avtalar skal vere tinglyste, og sendast inn til kommunen (gjeld saker som i ein overgangsperiode ikkje har gjort dette før godkjenning).

  • Tinglyst skriftleg avtale dersom det blir påkopling til felles privatleidningar
  • Tinglyst skriftleg avtale dersom leidningar eller privat avløpsanlegg kjem inn på annan manns eigedom

Saksbehandlingstid: Merk at saksbehandlingstida for ferdigmelding er 3 veker.

Skal du søkje om utsleppsløyve?

Du må kontakte eit firma som kan søkje om utsleppsløyve for deg. Du som privatperson kan ikkje gjere dette sjølv, med mindre du kan dokumentere kompetansekrava.

 

Pe= personekvivalentar, 

Maksimal belastning skal ligge til grunn for utrekning av talet på pe. Pe er antal personar som skal opphalde seg i bygninga. For bustad kan du telje antal sengeplassar på planteikninga for å finne ut talet på pe du må søkje om. Røyrleggarfirma har kompetanse til å berekne pe for større tiltak.

Alle bygg med innlagt vatn, som ikkje er kopla til offentleg avløp, skal ha godkjent utsleppsløyve. Ved bygging av nybygg med innlagt vatn, byting av anlegg eller endring av bruk (auka mengd) på eksisterande bygg, må du søke utsleppsløyve. Dette er fordi krava til reinsing eller dimensjon kan ha endra seg.

Utsleppsløyve fortel mellom anna kva som må til for at anlegget skal fungere som føresett etter gjeldande lovar, og unngå uheldig påverknad av utslepp på resipienten (nærmiljø). Det fortel óg om kor mange personekvivalentar (pe) utsleppet er godkjend for.

Regjeringa gav nye nasjonale føringar i 2019. Dei nye føringane inneber mellom anna at: «Alle avløpsanlegga i den enkelte kommune skal oppfylle forureiningsforskrifta sine reinsekrav slik at vi kan nå miljømåla innan 2027, og seinast innan 2033.» (Kjelde: Nye nasjonale føringar for vassforvaltninga - regjeringen.no)  Dette betyr at svært mange vil få krav om å utbetre sine private avløpsanlegg.

  • Dei som har bustad i nærleiken av offentleg avløpsleidning, vil få pålegg om å kople seg til offentleg anlegg i staden for å søkje om nytt utsleppsløyve og etablere nytt privat avløpsanlegg.
  • Dei som ikkje bur nært nok til offentleg avløpsleidning, vil få pålegg om å søkje om nytt utsleppsløyve. Dette vil ofte føre med seg at det må byggast nytt avløpsanlegg. Krava etter forureiningslova i dag er mykje strengare enn for nokre tiår sidan.

Merk at utsleppsløyvet gjeld heile anlegget, frå husvegg til resipient.

  • Ved påkopling til felles eksisterande privat utsleppsleidning må eigedommen ha eit eige utsleppsløyve og reinseanlegg.
  • Ved påkopling til felles privat reinseanlegg og utsleppsleidning må det føreligge skriftleg tinglyst avtale om påkopling til anlegget. Anlegget må ha ledig kapasitet. Viss reinseanlegget er dimensjonert for 12 einingar, men har eit utsleppsløyve for 9 einingar, må eining nr. 10−12 søke om utsleppsløyve.

Krav til søknad:

 

Før du sender søknad for utslepp av mindre avløpsanlegg under 50 pe ber vi deg lese lokal forskrift om utslepp av sanitært avløpsvatn frå mindre avløpsanlegg. (PDF, 184 kB)

Her finn du informasjonen du treng for å søke om utslepp frå avløpsanlegg under 50 pe

Her finn du informasjonen du treng for å søke om utslepp frå avløpsanlegg over 50 pe

Merk at reinsekrava til mindre følsamt område berre gjeld når du kan etablere tett leidning til ein god sjøresipient. Dette er einaste gong slamavskiljar er godkjent.

​ 

Private avløpsanlegg

Tømming av mindre private avløpsanlegg

Det er eit krav i forureiningslova at mindre avløpsanlegg som slamavskiljarar, skal vere på kommunal tømmeliste.

Det er Norva24 som utfører tømming på vegner av Bjørnafjorden kommune. Dette gjeld for alle avløpsanlegg som er på kommunal tømmeliste. Du kan kontakte dei på telefon 57 78 11 70 eller e-post slovag@norva24.no. Når slamavskiljaren er registrert hos kommunen blir tømminga billegare for deg enn om du bestiller direkte frå Norva24. 

Sjekk når tanken blei tømt sist

 

Kva er Bjørnafjorden kommune sitt ansvar?

Bjørnafjorden kommune er forureiningsmyndigheit  for mindre avløpsanlegg. Det vil seie at vi godkjenner og fører tilsyn med mindre avløpsanlegg av sanitært avløpsvatn frå bustader, hytter og liknande. Vi kan når som helst ha tilsyn eller kontroll.

Norva24, som tømmer mindre avløpanlegg som slamavskiljar/septiktankar på vegner av Bjørnafjorden kommune, følger opp at tømminga skjer med faste mellomrom. Dei gir beskjed nokre dagar før tømming, slik at slamavskiljaren er tilgjengeleg.

Kva er ditt ansvar som anleggseigar?

Reinseanlegget skal dimensjonerast, byggast, vert driven og vedlikehalden slik at det har tilstrekkeleg yteevne under alle klimatiske forhold. Dersom anlegget forureinar, har du som eigar plikt til å rydde opp.
Minireinseanlegg skal vere driven og vedlikehalden i medhald av skriftleg drifts- og vedlikehaldsavtale. Slamavskiljarar tilknytt heilårsbustad eller fritidsbustad skal tømmast helt for slam etter behov, ikkje sjeldnare enn høvesvis kvart andre og fjerde år. 

Som anleggseigar må du: 
•    Syte for at anlegget har gyldig utsleppsløyve
•    Setje deg inn i utsleppsløyvet frå kommunen. Her ligg relevant informasjon og vilkår som gjeld ditt anlegg.
•    Sikre alle lokk på en tilfredsstillande måte. 
•    Overføre rettigheitar og pliktar til ny eigar ved sal av eigedom. 
•    Sørgje for å ha relevant dokumentasjon om anlegget ved tilsyn frå kommunen. 
•    Sørgje for skriftleg og tinglyst avtale for fellesanlegg og anlegg på annan manns grunn. 

Dersom du har ein privat septiktank/slamavskiljar, har du ansvar for å halde anlegget i orden, jf. plan- og bygningslova. Dersom anlegget forureiner, har du som eigar plikt til å rydde opp. Kontroller slamavskiljaren og avrenningsrøyret med jamne mellomrom, slik at du unngår forureing eller oppsamling av kloakk inne i huset.

Ofte stilte spørsmål om mindre private avløpsanlegg
Skal du montere mindre avløpsanlegg (slamavskiljar/septiktank)?

Før du monterer eit mindre reinseanlegg eller privat slamavskiljar/septiktank, må du først få utsleppsløyve i samsvar med denne forskrifta
Røyrleggarmelding må òg vere godkjent før arbeidet startar opp.

  • Krav til slamavskiljar for heilårsbustad er 4 m3, med avrenning i tett leidning til sjø eller infiltrasjon. Tømming skjer kvart andre år.
  • Krav til slamavskiljar for fritidsbustader er 4 m3, med avrenning i tett leidning til sjø eller infiltrasjon. Tømming skjer kvart fjerde år.

Her finn du informasjon om korleis du går fram for å registrere slamavskiljar i fritidsbustad.

Eg skal gjere endringar på mitt eksisterande avløpsanlegg. Må eg søke?

Ja. Ved vesentleg endring av anlegg eller vesentleg endring av utslepp må du søke om nytt utsleppsløyve. Vesentleg endring kan vere endring av infiltrasjonsgrøft, utsleppspunkt, plassering, type anlegg m.m.
 
Dersom du skal skifte ut ein komponent i anlegget ditt, for eksempel montere dykker, nytt lokk eller liknande så treng du ikkje å søke om dette. Ta gjerne kontakt med kommunen om du er usikker på dette. 

Eg skal kople meg til eit eksisterande privat avløpsanlegg. Kva gjer eg?

Du sender melding til kommunen om at du skal kople deg til eit eksisterande privat avløpsanlegg. Du sender inn søknad om utsleppsløyve. Her må du legge ved avtale om påkopling på eksisterande felles avløpsanlegg frå anleggseigar.

Anleggseigar skal vurdere om det er kapasitet på anlegget for ny tilknytting. Kommunen vil på bakgrunn av dette og eksisterande utsleppsløyve avgjere om det er tilstrekkeleg kapasitet på anlegget. 

Eg ønskjer å installere WC eller vakuumtoalett med lågt vassforbruk og bere vatnet inn. Må eg søke om utsleppsløyve når vatnet skal førast til tett oppsamlingstank?

Ja, tett tank er søknadspliktig.

Eg har fått pålegg om å utbetre avløpsanlegget for bustaden min. Eg har eit anlegg med ein septiktank (slamavskiljar) som reinsar vatnet før utslepp. Denne løysinga fungerer. Kvifor er ikkje dette godt nok?

Det er ein del stoff som blir haldt tilbake i form av botnslam og flyteslam i slamavskiljaren. Slamavskiljaren har dårleg reinseevne for fosfor, nitrogen og organisk stoff. Reinsegrad for fosfor ligg på omlag 5 %. Det meste av næringsstoffa og organisk stoff i avløpet vert ikkje halden tilbake i slamavskiljaren.

Når det er gitt pålegg om utbetring av slike anlegg er det som regel fordi kommunen ønskjer å redusere utslepp av næringsstoff og organisk stoff og for å unngå uheldig påverknad av utsleppet på resipient (vassdrag).

Gjeld forureiningsforskrifta kapittel 12 for utslepp av gråvatn, dersom det ikkje er innlagt vatn?

For verksemd som berre slepp ut gråvatn, gjeld dette kapittel kun dersom det er innlagt vatn. Dersom det ikkje skal leggast inn vatn i eit hus, er det i utgangspunktet ikkje stilt krav om søknad om utslepp. 

Definisjon på innlagt vatn : vatn frå vassverk, brønn, cisterneanlegg (også innvendige cisterner) eller liknande, som gjennom rør eller ladingar er ført innandørs.

Er det nok å sende inn ein jordprøve frå eigedommen til analyse, dersom eg ønskjer å få ei vurdering på om infiltrasjonsanlegg kan byggast?

Nei, det er ikkje tilstrekkeleg å ta ut ein jordprøve der du antek at infiltrasjonsanlegg kan bli etablert. For å avklare om infiltrasjonsanlegg kan byggast, må du gjennomføre grunnundersøking og vurdering av forureiningsmessige konsekvensar. Dette skal bli utført av firma med naudsynte hydrogeologisk kompetanse.

Kva type reinseløysing skal eg velje for min eigedom?

Val av reinseløysing på eigedommen blir gjort i samråd med ein fagkyndig på bakgrunn av naudsynte undersøkingar. Det er med andre ord ikkje nødvendig at du som anleggseigar må sette deg inn i alle ulike løysingar på marknaden.

Du skal gjere deg kjend med det aktuelle anlegget som er etablert hos deg. Kommunen kan gi rettleiing i slike saker, men kan ikkje fortelje deg kva for ei avløpsløysing du skal velje på din eigedom.  

Sjå www.nibio.no/tema/miljo/mindre-avlop for meir informasjon om dei ulike reinseløysinga på marknaden. 

Må eg ha ferdigmelding?

Når anlegget er ferdig skal du sende inn ferdigmelding. Først når kommunen har mottatt ferdigmeldinga vil du ha eit lovleg utslepp og saken er avslutta. Anlegget vil ikkje bli tømt gjennom kommunal tømmeordning før ferdigmelding er sendt til kommunen.

Må eg betale gebyr ved tømming utanom ordinær tømmefrekvens?

Ja, du må betale eit gebyr dersom bustaden, fritidsbustaden eller bygget har blitt brukt oftare enn planlagt i ein periode og må ha ei ekstra tømming utanom ordinær tømmerunde. Det er eitt gebyr per bueining. For at satsen for ekstragebyr skal gjelde, må bustaden, fritidsbustaden eller bygget elles vere på ordinær tømmerunde, anlegget må vere registrert i kommunen sitt system, og eigaren må ha betalt ordinært slamtømmingsgebyr.

Eigar må sjølv bestille ekstratømming frå Norva24 og betale heile beløpet dei krev inn dersom

  • det private anlegget i bustaden, fritidsbustaden eller bygget ikkje er registrert i kommunen sitt system
  • eigar ikkje har betalt ordinært slamtømmingsgebyr
  • anlegget ikkje har vore tømt grunna avvik i tanken

Her finn du Bjørnafjorden kommune sitt gebyr for å tømme private slamavskiljarar/septiktankar.

Kven kontaktar eg for spørsmål om faktura for slamtømming?

Ta kontakt med Kommunetorget på telefon 56 57 50 00 eller send e-post til kommunalegebyr@bjornafjorden.kommune.no.

Kor lang behandlingstid kan eg rekne med?

Behandlingstida for utsleppssøknad er 6 veker frå kommunen mottar ein fullstendig søknad om utsleppsløyve. Dersom det er god kapasitet i avdelinga, vil du få raskare svar på søknaden din.

Når er det tømming av mitt private avløpsanlegg?
Kva må eg gjere før tømming?

Du må sikre at det er tilkomst til avløpsanlegget for slamtømmebil. Lokket på slamavskiljaren skal vere synleg og tilgjengeleg. Dersom lokket er vanskeleg å finne bør du merke terrenget med eksempelvis ein stav eller liknande.  

 

 

Vassforsyning

Drikkevatn

I Bjørnafjorden kommune har vi desse offentlege vassverka: 

  • Os vassverk med Os vassbehandlingsanlegg forsyner det aller meste av tidlegare Os kommune. Råvatnet til anlegget blir henta i Krokvatnet/Steindalsvatnet. Anlegget har dynasandfilter og UV-lampar som hovedreinseprosessar. Klor blir berre brukt i sjeldne tilfelle.
  • Søvik vassbehandlingsanlegg hentar råvatn frå Søvikvatnet, og forsyner Søvik og områda rundt. Anlegget behandlar vatnet ved bruk av klor og UV-lys.
  • Eikelandsosen vassverk forsyner dei fleste offentlege abonnentane i tidlegare Fusa kommune. Vassverket har to vassbehandlingsanlegg, Helland og Skjelbreid, med tilhøyrande vasskjelder..
  • Helland vassbehandlingsanlegg får råvatn frå ei elv/oppkomme i ei steinur på Helland. Vatnet blir UV-behandla.
  • Skjelbreid vassbehandlingsanlegg får vatn frå to grunnvassbrønnar like ved Skjelbreidvatnet. Vatnet blir UV-behandla.
  • Holmefjord vassbehandlingsanlegg er eit lite, kommunalt drive vassbehandlingsanlegg. Kjelda er ein grunnvassbrønn like nedanfor anlegget. Vatnet blir desinfisert med UV-lys.

Elles står desse private fellesvassverka for vassforsyninga i kommunen: 

  • Nordtveit vassverk forsyner husstandar frå Hjartnes til Hjartåker. Kjelde: Vetlevatnet. Les meir på Nordtveitvassverk.no
  • Baldersheim vassverk forsyner husstandar frå Revne til Solvang. Kjelde: Laugarvatnet
  • Sævareid vassverk forsyner husstandar i Sævareid. Kjelde: Laugarvatnet
  • Skjørsand og Fusa vassverk forsyner husstandar frå Skjørsand til og med Fusa-bygda. Kjelde: Skåtavatnet. Les meir på http://www.skjorsandogfusa.no/
  • Strandvik og Vinnes vassverk SA forsyner husstandar frå Vinnes til Håvik. Kjelde: Skåtavatnet. Les meir på https://sovv.no/ 
Vasskvalitet

Kor hardt vatn har vi i Bjørnafjorden kommune?

Når vi snakkar om hardt eller blautt vatn, snakkar vi i hovudsak om innhaldet av det kjemiske stoffet kalsium (Ca). Det er mengda kalsium som avgjer kor hardt vatnet er.  I Os har vi generelt lite kalsium i drikkevatnet, vi har altså det vi kallar svært blautt vatn. I motsetnad til vatnet vårt, legg hardt vatn att eit kalkbelegg i til dømes glas og kaffitraktarar. Dette har du gjerne lagt merke til i andre europeiske land.

Det er gjort målingar av kalsiuminnhaldet på dei offentlege vassverka i kommunen. Resultata ser du i tabellen under.

 

Vassverk

mg Ca/l

dH°

Blautt eller hardt?

Os vba 2 mg Ca/l 0,28 dH° Svært blautt vatn
Søvik vba 4 mg Ca/l 0,56 dH° Svært blautt vatn
Helland vba 3,6 mg Ca/l 0,50 dH° Svært blautt vatn
Skjelbreid vba 5,2 mg Ca/l 0,72 dH° Svært blautt vatn
Holmefjord vba 34 mg Ca/l 4,76 dH° Blautt vatn

 

Kvifor oppgir vi både mg Ca/l og dH°? 

I bruksanvisningar til vaskemaskiner og oppvaskmaskiner er kravet til kor hardt eller blautt vatnet bør vere ofte oppgitt i tyske hardheitsgrader (dH° ). Forholdet mellom  tyske hardleiksgrader (dH°) og kalsiuminnhald per liter (mg Ca/l) er 1dH° = 7,14 mg Ca/l.

I tabellen finn du oversikt over sammanhengen mellom dei ulike nemningane.

Hardleiksklasse

dH° (tyske hardkeiksgrader)

mg Ca/l

Svært blautt vatn 0–2,1 0–15
Blautt vatn 2,1–4,9 15–35
Middels hardt vatn 4,9–9,8 35–70
Hardt vatn 9,8–21 70–150
Svært hardt vatn over 21 over 150
Kokevarsel på vatn - når varslar vi og korleis?

Vi informerer via heimesida, og varslar på SMS og telefon til berørte innbyggjarar i følgjande tilfelle:

  • Når vi stenger vatnet på grunn av vedlikehald og lekkasjar, både ved planlagt arbeid og i akutte tilfelle
  • Ved kokeanbefaling på drikkevatnet

Vi varsler planlagte aktivitetar til råka abonnentar dagen før. Sårbare abonnentar vil bli varsla nokre dagar på førehand.  Ved akutte hendingar varsler og informerer vi så raskt vi kan.
Les meir om telefonvarsling

Når må du koke drikkevatnet?

Bjørnafjorden kommune tar vassprøver kvar veke for å sikre at alt vatn i springen din er trygt, klart og utan spesiell lukt, smak eller farge. 

Sjå prøveresultat for drikkevatnet.

Dersom prøvene viser at vatnet ikkje er 100 prosent trygt, sender vi varsel via SMS og telefon om at drikkevatnet må kokast.

Dersom det oppstår brot i vassleidningar, slik at det er fare for forureining av vatnet, kan det òg vere at du får melding om å koke drikkevatnet fram til vi har fått svar på eventuelle bakterieprøver.

Vi sender ny melding når drikkevatnet er trygt igjen.
Informasjonen på bjornafjordenkommune.no vil bli løpande oppdatert i slike situasjonar.

Dersom vi sender ut kokevarsel, ber vi deg følgje Folkehelseinstituttet sine råd:
Kva skal du gjere når du får varsel om at drikkevatnet må kokast? (PDF, 72 kB)

Vassprøva frå private brønnar og borehol

Bjørnafjorden kommune leverer ut prøveflasker og følgeskjema på følgande stader:

  • Industrivegen 96
  • Kommunetorget,  Bjørnafjorden rådhus, Os
  • Kommunetunet i Eikelandsosen

Ta vassprøver og fyll ut skjemaet som følgjer med flaska. 

Her leverer du vassprøven:

Eurofins
Sandviksveien 110, 5035 Bergen. Sjå kart
Sjå oversikt over prisar og analysepakkar på eurofins.no.

Vasstrykk

Vasstrykket skal vere minst 2 bar ved tilknytningspunktet mellom dei kommunale vassleidningane og vassleidningen inn til huset ditt.

Bjørnafjorden kommune ved Samferdsel og VA har ansvar for drift og vedlikehald av dei offentlege hovudvassleidningane. 

Opplever du plutseleg trykkendring?

Har vasstrykket plutseleg endra seg utan at du har mottatt varsel frå oss? Årsaka kan vere eit leidningsbrot eller lekkasje ein stad i leidningsnettet. Då vil vi gjerne ha beskjed.

Ved akutt endring i vasstrykket, ring Samferdsel og VA på 982 34 440.

Har trykket vore dårleg over tid?

Vasstrykket skal vere minst 2 bar ved tilknytningspunktet på den kommunale vassleidningen. Dersom vasstrykket har vore dårleg i ein lengre periode og årsaka ikkje er manglande trykk i den kommunale leidningen, kan det vere lekkasje i din eigen private stikkleidning. Det kan òg vere at trykket fell fordi bustaden ligg høgt til. I slike tilfelle er det huseigars ansvar og val å eventuelt montere ei pumpe for å betre trykket.

Vassmålar

Storleiken på bustaden din avgjer kor mykje du må betale i vass- og avløpsgebyr.
Bur du til dømes åleine i ein stor bustad, eller brukar svært lite vatn, kan det lønne seg å installere ein vassmålar på vassinntaket ditt. Med ein vassmålar betaler du gebyr basert på mengda vatn du brukar, ikkje storleiken på bustaden. 

Eit godkjent røyrleggarfirma tar seg av bestilling og installasjon av vassmålaren. 

Kven må ha vassmålar?

I følgje forskrift om vass- og avløpsgebyr i Bjørnafjorden kommune, kapittel 3, er det krav om vassmålar for:

a) alle nybygg

b) alle bygningar eller delar av bygning som ikkje blir nytta til bustadformål

c) mellombelse abonnentar

d) vassuttak utan at vatn er lagt inn i bygning og vassuttak for ubygd eigedom

e) bustader med basseng, fontene m.m.

f) sprinkleranlegg

Slik går du fram for å få vassmålar

Ta kontakt med ein godkjent røyrleggar. For å bestille vassmålar må røyrleggarfirmaet vere godkjent for sanitærinstallasjonar tiltaksklasse 1 hos Direktoratet for byggkvalitet. 

Informasjon til røyrleggarar

Bjørnafjorden kommune har rammeavtale med firmaet Heidenreich for levering av vassmålar med konsoll. Vassmålaren er Sensus iPERL, og denne blir levert i storleikane 3/4¨, 1¨ og 1 ½¨. Sjå monteringsrettleiar for Sensus iPERL (PDF, 2 MB)

Slik bestiller du

Bestill vassmålar

Røyrleggaren vil motta ein kopi av ferdig utfylt bestillingsskjema på e-post, som fungerer som ein rekvisisjon. Denne må han levere i butikken eller sende på e-post:

I butikk:

På e-post

For levering av vassmålar til vald adresse: birgitte.raa@heidenreich.no eller dani.aasheim@heidenreich.no 

Leveringstid er 2-7 dagar. Ved bestilling av meir enn 5 vassmålarar, kan leveringstida vere lengre.

Kommunen leverer berre vassmålarar, utstyr for montering må tiltakshavar bestille og betale separat.

Faktura for kommunale gebyr (vassgebyr) til deg som har vassmålar

Dersom du har vassmålar, blir du fakturert akonto. Det vil seie at vi sender deg faktura for eit stipulert forbruk. På slutten av året sender du oss målarstanden på vassmålaren, og vi samanliknar det reelle forbruket mot beløpet du har betalt. Dersom du har betalt for mykje i høve til forbruket, får du tilbakebetalt. Dersom du har betalt for lite, må du betale inn meir.

Slik sender du oss målarstand

Send målarstand for vassmålaren

Dersom du nettopp har installert vassmålar, blir akonto-beløpet stipulert på bakgrunn av areal, sidan vi ikkje har tidlegare avlesingar å stipulere ut ifrå. Ved avlesing på slutten av året, vil forbruket bli grunnlag for neste års akonto-utrekning.
Her kan du sjå oversikt over dei ulike gebyrsatsane og ofte stilte spørsmål om kommunale gebyr.

Kor finn du tappepunkt for vatn?

Bjørnafjorden kommune har fem tappepunkt for større vassuttak. Desse tappepunkta skal gjere det enkelt og sikkert å ta ut vatn frå lediningsnettet.

Her finn du vasspostene:

 

-Gåsakilen pumpestasjon ved Storestraumen.

-Ådnadalen pumpestasjon, ved Ulvenvegen 340. 

-Vallebrua pumpestasjon/Hegglandsdalen.

-Halhjem ferjekai pumpestasjon.

-Torseneset pumpestasjon, ved bubilparkeringa i Eikelandsosen

På vasspostene er det ei vanleg nor kobling, men dei skal og vere utstyrt med eit lokk som gir mulighet for fylling med gardena kobling.

Vi tillet vanligvis ikkje uttak frå brannhydrantar. Hydrantane har spesiallås, slik at dei berre er tilgjengelege for brannvesenet og teknisk personell i kommunen.