Om Bjørnafjorden kulturelle spaserstokk

Føremålet med den kulturelle spaserstokken er å leggja til rette for auka samarbeid mellom kultursektoren og omsorgssektoren, slik at vi kan utvikle gode kunst- og kulturprosjekt for eldre innanfor eit mangfald av sjangrar og uttrykk.

Midlane skal hovudsakleg nyttast til profesjonell kunst- og kulturformidling av høg kvalitet, gjerne i samarbeid med kunst- og kulturinstitusjonar, kunstnarar og andre kulturaktørar på lokalt eller regionalt nivå.

Det blir arrangert konsertar og kulturopplevingar for Luranetunet  bu og behandlingssenter og Fusa bu og behandlingssenter, på dagsentera og i Oseana kunst- og kultursenter med  «Kunst for demens».

Sjå oversikt over planlagde arrangement på Friskus

Kontakt

Grete Byrkjeland
Rådgjevar
Telefon: 94853607
Mobil: 94853607
Til toppen