Fusa frivilligsentral

Fusa frivilligsentral skal skapa møte mellom menneske!
Frivilligsentralen skal vera ein møteplass og brubyggjar mellom menneske i bygdene på fusasida av fjorden, frivillige organisasjonar og det offentlege.

Vi held til i Eikelandsosen på Fjord`n senter i 2. etasje. Vi ønskjer å vera eit bindeledd mellom menneske som ønskjer å yta ein ubetalt innsats i nærmiljøet, og for personar som ønskjer å ta i mot ein slik innsats.

Hos oss finn du aktivitetar du kan delta på, og frivillige oppdrag som vi treng hjelp til. I tillegg driv vi bruktbutikken Bruktbuo, som ligg i hjarta av Eikelandsosen.

Fusa frivilligsentral har aktivitetar for ein kvar smak, til dømes:         

  • Bruktbuo, ope tre dagar i veka 
  • Følgehjelp  
  • Open hall for ungdom
  • Frivillig medarbeidar/hjelpar i Bruktbuo
  • Leksehjelp
  • Arrangere sosiale hendingar ved Fusa bu- og behandlingssenter
  • Digitalhjelp for eldre
  • Ferieklubb for born i sommarferien
  • Turgrupper

Ønskjer du å bli frivillig?

Alle kan bli frivillige. Det er inga bindingstid og du vel heilt sjølv kor mykje tid du vil bruka.

Det å vera frivillig kan gi deg nye vennskap, meistring, glede og kjensla av å vere verdifull for andre menneske.

Ta gjerne kontakt med oss for meir informasjon!

Fusa frivilligsentral

Besøksadresse: Fjord`n senter, 2 etg.

Ope måndag til fredag kl. 9-15.

Postadresse: Postboks 73, 5649 Eikelandsosen

E-post: Fusa.frivilligsentral@kyrkja.no

Telefon: 56 58 01 14/ 920 93 716

Besøk heimesida eller følg Fusa frivilligsentral på Facebook og Instagram