Mange kommunar rundt om i landet har organisert seg på liknande måte. Nokre har tenestene samlokaliserte i faktiske hus, andre ikkje, som Bjørnafjorden.
Felles for alle er utgangspunktet i behovet for betre samarbeid og samhandling mellom alle dei ulike kommunale hjelpetenestene til barn, ungdom og familiar.
Telefon 56 57 51 00
Send e-post
Linda Hevrøy er leiar for Familiens hus, som har tre einingar:
Éi dør inn
- Når eit barn eller ein familie treng hjelp, er det rett og slett for mange ulike instansar å forhalde seg til, og det har vore for lite samhandling mellom oss internt. Foreldre opplever at dei må ringe hit og dit og sjølve skaffe seg oversikt over kva barnet deira treng og har krav på. Det er rett og slett for mange dører å banke på.
Familiens hus skal ha éi dør inn. Foreldra eller andre som ønskjer hjelp til barnet, skal ta kontakt med til dømes helsesjukepleiar, familierettleiar eller PPT (pedagogisk-psykologisk teneste), og så skal den dei først tar kontakt med ta saka vidare inn i Familiens hus, fortel leiar for Familiens hus i Bjørnafjorden, Linda Hevrøy.
Familiens hus: Mange rom, men éi dør inn.Tidleg innsats
Bakgrunnen for organiseringa er først og fremst den nye oppvekstreformen, som tredde i kraft 1. januar i år. Eitt av måla med reformen er at kommunane skal styrke arbeidet med tidleg innsats og førebygging i heile oppvekstsektoren. Dette krev betre og tettare samhandling frå alle som jobbar med å støtte og hjelpe barn og familiar.
- Eg har stor tru på denne måten å jobbe på. Det skal ikkje vere slik at ein må kjenne systemet eller at saker fell - og blir liggande - mellom to stolar. Vi som jobbar med barn og familiar må løfte blikket frå vårt eige fagfelt, og tenke heilskapleg, meiner Hevrøy.
Større ansvar for kommunane
Oppvekstreformen gir også kommunane større ansvar for barnevernet, både fagleg og økonomisk.
Ansvaret for barnevernet var tidlegare delt mellom stat og kommune. Ei rekke utgreiingar og evalueringar av barnevernet har peika på at denne til tider uklare ansvarsdelinga har vore utfordrande, og at dette først og fremst har ramma barn som har behov for hjelp.
Les meir om oppvekstreformen på bufdir.no
Snakke saman
- Uansett kven av oss i Familiens hus som blir kontakta, så skal vi sjølve ta saka vidare til dei andre i "huset", og sikre ei heilskapleg tverrfagleg og grundig vurdering av kva den beste hjelpa i kvart tilfelle vil vere. Ved å samle ulike fagfelt og perspektiv frå starten av, kan vi gi tidlegare, raskare og meir målretta hjelp. Det handlar jo rett og slett om at vi i dei ulike fagtenestene snakkar saman på eit tidleg tidspunkt, slik at vi kan hjelpe barnet før problema blir for store, seier Hevrøy.
Les meir om Familiens hus og einingane