Kulturmidlar 2023

Kulturmidlar er tilskot til dagleg drift av eit lag eller organisasjon. Målet med ordninga er å stimulere til aktivitet innan kulturområdet. Tilskot vert gitt for eitt år om gongen og følger kalenderår.

Kommunen kan gi tilskot til drift innan desse områda:

  • Idrett og friluftsliv (idrettslag, skyttarlag, friluftsorganisasjonar mm)
  • Kunstnarleg utfalding (musikk, biletkunst, dans, handverk mm)
  • Generelt kulturarbeid (lokalhistorie, sosialt arbeid, fritid mm)  

Vilkår for søknaden

  • Frivillige lag og organisasjonar som er opne og ideelle kan søka om kulturmidlar. 
  • Eit lag eller ei foreining kan berre senda ein søknad.
  • Barn og unge opp til 20 år og grupper som treng særleg tilrettelegging, vert prioriterte, men lag og organisasjonar med andre målgrupper kan òg søka.
  • I søknad skal det framgå medlemstal og aktivitet i laget retta mot dei prioriterte målgruppene.
  • Utmåling av tilskot er basert på medlemstal og gir tilskot på tre ulike nivå; lite, mellomstort og stort lag. Beløpsstorleik må vera tilpassa søknadsmasse og budsjettramme, og kan endra seg frå år til år.
  • For å kunna søka må organisasjonen levera årsmelding og rekneskap godkjend av siste årsmøte, som vedlegg til søknad. 
  • Laga må vera registrert i Brønnøysund Frivilligregisteret
  • Laga må vera registrert i aktivitetskalenderen Friskus og publisere arrangementa der.

Slik søker du

Søk kulturmidlar på elektronisk søknadsskjema. Søknadsfrist er 1. april 2023

Kontakt

Erik Vangsnes
Leder
Mobil: 47277146
Tom Leonsen
Leder
Telefon: 45452296
Mobil: 45452296