Skogfond

Skogfondet er ei særs gunstig ordning for skogeigarar.

Her finn du viktig verktøy for å bruke skogfond på ein smart måte.
Skogfond - informasjon og bruk • Skogkurs
 

Når du hogger i skogen din, må du sette av 4% til 40% av bruttoverdien av tømmeret til investeringar i skogen. Avsetjinga blir kalla skogfond, og reknast som ei utgift på skattemeldinga. Alle skogeigedomar skal ha sin eigen skogfondkonto.
 

Når du forynger skogen eller bygger veg i skogen din, kan du bruke skogfondet til å dekke investeringar. Når du tek ut pengar frå skogfondet, betaler du skatt berre på 15% av beløpet. Hugs at du fekk føre alt som utgift då du sette pengane inn på fondet. 

Forklart på ein annan måte: Om du investerer 100 kroner i skogen og bruker skogfond, får du føre 185 kroner til utgift. Om du skattar 22% av skoginntekta (småskogeigarar eller det vi kallar kapitalskogeigarar), blir tilskotseffekten av skogfondet 41%. Om du er bedriftsskogeigar og har ein marginalskatt på 37,4%, blir tilskotseffekten heile 69%.
 

Kanskje treng du å bygge skogsveg før du hogger skogen din?

I mange tilfelle er det sjølvsagt mest rasjonelt å bygge skogsvegen før du hogger, altså før du får høve til å sette av pengar på skogfondet.
- Heldigvis er det mogleg å nytte skattefordelen med skogfond i fire år etter det året du bygde skogsvegen (dette blir kalla udekka investering). Difor er det lurt å planlegge hogst innan fem år etter at du har bygd skogsveg. Etter hogst og innbetaling av skogfond kan du kreve utbetaling av investeringa du gjorde i vegen.
 

Dersom du nyleg har bygd skogsveg, eller har planar om å bygge, løner det seg å sette av høgste sats, 40%. Om du berre skal plante og utføre ungskogpleie, held det normalt å sette av 15 % av tømmeroppgjeret, for å sikre at det er midlar til planting og ungskogpleie etter hogst.
 

Kor mykje du bør setje av og kor mykje du kan spare ved å bruke skogfond, kan du rekne ut ved å bruke skogfondskalkulatoren.

Investeringar med skogfond

Skogfondet kan du bruke  til mange ulike skogrelaterte investeringar, mellom anna kjøp av planter, plantearbeid, ungskogpleie, skogsvegbygging og -vedlikehald, skogforsikring og skogbruksplan. Les meir om det her.

Korleis fungerer dette i praksis?

  1. Når du planlegg å hogge skog eller å investere i skogen, bør du først rekne ut kor mykje som bør settast av i skogfond (bruk skogfondskalkulatoren). Ikkje ver redd for å gjere feil. Set du av for lite, kan du betale inn ekstra, så lenge det skjer innan februar det påfølgande året, les på Landbruksdirektoratet si nettside om ekstra innbetaling. Set du av for mykje, kan du søke kommunen om å få det tilbakebetalt.
  2. Du må melde til den som kjøper tømmeret ditt om kor mykje som skal settast inn på skogfondkontoen. Resten ordnar dei. Om du sjølv sel direkte (material, ved, juletre o.l.), må du sjølv sørge for å melde dette inn via Altinn. Meir om dette på Landbruksdirektoratet si nettside.
  3. Når du har mottatt faktura på tiltak som er utført i skogen, for eksempel planting, ungskogpleie eller vegbygging, søker du kommunen om å få beløpet refundert frå skogfondkontoen din. Pengane blir utbetalt til bankkontoen din.
     Søk på Altinn
  4. Utfører du sjølv arbeidet i skogen, for eksempel planting og ungskogpleie, søker du kommunen om utbetaling av eit beløp som dekker eige arbeid, frå skogfondkontoen. Kommunane har oftast kommunale satsar for eige arbeid, så ta kontakt med skogbruksansvarleg i kommunen før du søker.  
    Søk om tilskot og utbetaling av skogfond
  5. Skogeigarar som nytter skogfondkonto mottar ei kontoutskrift for skogfond når året er slutt. Opplysningar frå kontoutskrifta skal førast i rekneskap og i næringsoppgåve/skattemelding.

Utbetaling

Hugs at oppsparte midlar på skogfondskontoen ikkje akkumulerer renter i din favør, og at skattefordelen først blir utløyst når midlane går til dei nemnte tiltaka. Sjekk på kontoutskrifta om du har store beløp inneståande og samstundes udekte investeringar. Her kan skogfond utbetalast omgåande. 

I Skogkurs sitt rettleiingshefte Skogfond  - Regler og tips for avsetning og smart bruk finn du nyttig informasjon.
 
Kontakt skogbruksansvarleg i kommunen for faglege råd om skogfond.

Kontakt

Michal Westfal
Rådgjevar
Telefon: 99086269
Mobil: 99086269
Michal Westfal
Rådgjevar
Telefon: 99086269
Mobil: 99086269