Kulturplan for skulane i Bjørnafjorden

Alle elevar i Bjørnafjorden-skulane skal få høve til utvikling av eigen identitet gjennom bruk av kunst og kultur. Gjennom møte med kunstnarar og kulturarbeidarar skal dei få hjelp til å utvikle og styrka si eiga skaparevne. 

Tiltaka i kulturplanen dekkjer fleire av klassestega og alle elevar på kvart steg (Heile kommunen).

Kulturplan for skulane er organisert av Kultureininga i Bjørnafjorden kommune, og inneheld lokale tiltak: 

  • Eventyrforteljing og dramatisering for 1. steg
  • Besøk på Naturgalleriet til Helge Haukeland på 3. steg.
  • Dans på 5. steg.
  • Forfattarbesøk på 7. steg.
  • Filmkurs på 8. steg.
  • Oselvardag på 9. steg.

Dei fleste tiltaka og aktivitetane er knytt til lokalmiljøet, og tek utgangspunkt i nasjonale og lokale læreplanar. Desse aktivitetane er finansiert via Den kulturelle skulesekken. 

Skulane får i tillegg tilbod frå Den kulturelle skulesekken i Vestland.