Bli besøksheim

Vil du vere med å gi barn og unge positive opplevingar, samstundes som foreldra får eit pusterom frå omsorgsoppgåver?

Kva er ein besøksheim?

Besøksheim er eit frivillig hjelpetiltak for familiar med store omsorgsoppgåver eller andre utfordringar som krev avlasting. Besøksheimen skal ikkje erstatte heimen som barnet har hos sine biologiske foreldre.

Det vanlege er å vere besøksheim èi helg i månaden. Ei besøkshelg strekker seg frå fredag til søndag.

Kven kan vere besøksheim?

Det er viktig at besøksheimen har trygge og stabile vaksne personar som har husrom og hjarterom, og som har tid og overskot til å vere besøksheim for eitt eller fleire barn. Du er ein raus og tolmodig omsorgsperson.

Søk om å bli besøksheim