Pris og betaling for barnehageplass

Frå 1. august 2024 er makspris for barnehageplass 2000 kroner i månaden for full barnehageplass. Matpengar og liknande kjem i tillegg.

Har du fakturaspørsmål?

Ta kontakt med styrar i barnehagen din.

Pris i kommunale barnehagar

Holdhus, Holmefjord, Jettegryto, Lysekloster, Os, Strandvik, Søre Fusa og Trollskogen barnehage. 

Sjå prisar for dei kommunale barnehagane i oversynet over betalingssatsar, avgifter og gebyr i Bjørnafjorden kommune.

Pris i private barnehagar

Sjå heimesidene til den aktuelle barnehagen.

Søskenmoderasjon

Har du fleire enn eitt barn i barnehage, må du melde frå om dette til styrar i barnehagen for å få søskenmoderasjon. Søsken må bu i same husstand. 

  • Barn nummer to i barnehage utløyser 30 % reduksjon i foreldrebetalinga.
  • Barn nummer tre, og eventuelt fleire, er gratis. Dette gjeld frå 1. august 2023.

Rett til reduksjon gjeld òg om søsken går i forskjellige barnehagar. Det yngste barnet utløyser søskenmoderasjon, og moderasjonen skal trekkast frå dette barnet sin faktura.

Rimelegare barnehage for dei som tener minst

To ordningar kan vere aktuelle å søke om. Sjå meir informasjon om desse og korleis du søker:

Inntektsgrensa for fritak i foreldrebetalinga i barnehage for 20 timer i veka er sett til kr 642 700,- per år frå august 2024.

Betalingsfri månad

Alle barnehagar har éin betalingsfri månad. Som regel er juli betalingsfri månad, men dette kan variere. Kontakt barnehagen din, eller sjå barnehagen sine vedtekter, for meir informasjon.