Fjorden arena i Eikelandsosen

Fjorden arena er ein fleirbrukshall som tilbyr noko for alle: e-sport, handball, volleyball, turn, badminton, klatring, styrketrening, dans, kafeteria, brettspel med meir. Kort sagt ein sosial møteplass med varierte aktivitetar. Både idrettslag, skular, lag og organisasjonar og enkeltpersonar er velkomne i Fjorden arena.

Søk om treningstid

Lag/organisasjonar og skular må søka om å få tildelt treningstid og brukstid i hallen og/eller i andre rom i Fjorden arena.

Andre faste aktivitetar

  • Fritidsklubben for menneske med utviklingshemming - onsdagar klokka 18-20
  • Seniordans - måndagar klokka 12-14, rom: "Fusafjellet" i 2. etasje
  • Senioruniversitetet - ein tysdag i månaden, rom: "Fusafjellet" i 2. etasje

Her finn du oss

Adressa til Fjorden arena er Stallabrotvegen 50, 5640 Eikelandsosen. 

 

Følg Fjorden arena på Facebook

Til toppen