Skulemiljø i Bjørnafjorden kommune

Alle elevar i Bjørnafjorden kommune har rett til å ha et trygt og godt skulemiljø som fremjar helse, trivsel og læring. Det er eleven si oppleving av korleis dei har det på skulen som er avgjerande.

Dersom ein elev blir krenkt eller mobba av andre elevar, skal skulen gå i gang med ein aktivitetsplan. Ta kontakt med skulen din for meir informasjon

Dersom ein elev opplever å bli mobba eller krenkt av ein lærar eller andre tilsette ved skulen, har skulen eit ekstra ansvar for å følgje opp saka. Ta kontakt med skulen din for meir informasjon.

Skulen sin framgangsmåte (aktivitetsplikta)

  1. følgje med på at elevane har det det trygt og godt på skulen
  2. gripe inn og stoppe det med ein gong, dersom det er mogleg
  3. melde frå til rektor
  4. undersøkje det som har skjedd
  5. lage ein plan med tiltak

I Bjørnafjorden kommune skal alle tilsette i skulen vere klar over sitt ansvar for eit godt læringsmiljø for alle elevane. Alle skulane skal arbeide for eit reelt inkluderande skulemiljø der lærarane, andre tilsette og leiinga jamleg stiller kritiske spørsmål til haldningar og praksis, og gjer det dei kan for å motverke marginalisering – både sosialt og fagleg.

Bjørnafjorden kommune har eit eige innsatsteam mot mobbing/krenking i barnehagar og skular.

Sjå UDIR sine sider for meir informasjon.
https://www.udir.no/laring-og-trivsel/skolemiljo/informasjon-til-foreldre/