Ergoterapi

Ergoterapeuten hjelper deg å trene og meistre dei aktivitetane som er viktige for deg for å leve eit aktivt liv og delta i samfunnet. Rehabiliteringsavdelinga held til på Luranetunet.

Kven kan søkje?

Barn og vaksne som har eller kan få vanskar med å utføre daglege gjeremål på grunn av sjukdom, skade eller anna funksjonsnedsetting.
Tenesta er eit tilbod til deg som bur eller oppheld deg i kommunen - både heimebuande og bebuarar på institusjon.

Dette kan vi hjelpe med

  • Kartlegging av funksjonsevne og omgjevnadar
  • Tilpassing av aktivitetar/arbeidsvanar
  • Tilrettelegging for trening i daglege gjeremål
  • Trening av finmotorikk/handfunksjon
  • Trening av kognitive ferdigheiter
  • Tilrettelegging av omgjevnader slik at du kan leve eit aktivt liv og delta i samfunnet
  • Formidling og tilpassing av tekniske hjelpemiddel 
  • Rettleiing, informasjon og undervisning

Slik søkjer du om ergoterapi

Fyll ut aktuelt søknadsskjema:

Skriv ut skjemaet, fyll ut og send søknaden til: Bjørnafjorden kommune, avd. Rehabilitering, Solstrandvegen 39, 5200 Os

Kva skjer vidare?

Rehabiliteringsavdelinga behandlar søknadane fortløpande, og gjer ei fagleg vurdering av behovet ditt for ergoterapi. Ved skriftleg tilvising frå lege får du svar innan 14 dagar.

Desse blir prioriterte ved søknad om ergoterapi og fysioterapi 

Kva kostar tenesta?

Tenesta er gratis

 

Kontakt

May Britt Sveen Savland
Telefon: 56 57 55 87
Mobil: 415 23 982
Til toppen