Besøksheim som avlasting

Familiar med særleg tyngjande omsorgsbehov kan får besøksheim som avlasting for å avlaste pårørande som er i ein særskilt krevjande omsorgssituasjon.

Kven kan få tilbodet?

Pårørande som har «særleg tyngjande» omsorgsoppgåver i heimen.

Kva kan du få hjelp til?

Berre oppgåver som blir rekna som nødvendige helse- og omsorgstenester inngår i vurderinga av om du kan få avlasting. Det er mange som gjev omsorg til sine næraste, utan det vert definert som «særleg tyngjande».

Avlasting skal hjelpe dei pårørande:

  • ved å redusere omsorgsbelastninga
  • ved å gi meir fritid
  • ved større deltaking i samfunnsaktivitetar
  • ved å gi tid til å pleie familierelasjonar og sosiale nettverk

Kriteria og vilkår:

  • Dersom omsorgsarbeidet er særleg tyngjande. 
  • Dersom omsorgsarbeidet er av ein slik karakter at dette medfører avgrensa moglegheit til nødvendig og regelmessig fritid til omsorgsytar. 
  • Omsorgsbehovet kan vere av fysisk, psykisk eller sosial karakter og det må medføre større behov for hjelp enn det som normalt er forventa i forhold til alder. Den omsorgstrengande må ha eit omfattande og varig omsorgsbehov som i hovudsak blir teke hand om av privat omsorgsytar. 
  • Avlasting skal ta i vare omsorgsytaren sine behov, det skal kartleggjast og ein sjølvstendig vurdering av pårørande sitt behov for avlasting og fattast vedtak om tiltak.
  • Vurdering av behovet for avlasting blir vurdert minst ein gong i året eller datofestast i vedtak.
  • Dersom avlastingstilbodet ikkje blir nytta eller behovet er endra, må det meldast frå om elles fell tilbodet vekk.

Slik søkjer du

  • Du treng ein legeattest for å søkje
  • Send inn digitalt skjema Søknad om helse- og omsorgstenester (du må logge på med BankID)
     
  • Eller du kan sende skjema per post ved å fylle ut PDF-skjema søknadsskjema for helse- og omsorgstenester (DOCX, 63 kB) Kryss av for dagopphald. Skriv ut skjemaet, skriv under og send skjemaet til Bjørnafjorden kommune, avdeling for forvaltning og koordinering, pb 24, 5649 Eikelandsosen. Dersom det er andre som søkjer for deg, må du legge ved fullmakt.

Kva skjer vidare med søknaden?

Bli besøksheim