Målet for Bjørnafjorden kommune er å vere eit raust og attraktivt lokalsamfunn med evne og vilje til nyskaping. Med desse måla, saman med større omstilling i organisasjonen treng vi tilsette som lyttar med respekt, finn smarte løysingar, er inkluderande og som gjer det dei seier.
Vil du vere med på laget?
Finn ledige stillingar i Bjørnafjorden kommune
Bli lærling i Bjørnafjorden kommune
Slik søker du jobb i Bjørnafjorden kommune
- Registrer deg som brukar her
Dersom du har søkt jobb i rekrutteringssystemet Easycruit tidlegare og allereie har ein brukar, kan du logge deg inn med denne brukaren. Då vil du få tilgang til dei tidlegare søknadene dine, og du slepp å legge inn alle opplysningar på nytt.
Dersom du søker ei stilling utan å opprette brukar, må du legge inn alle opplysningar på nytt neste gong.
Bjørnafjorden kommune tar ikkje imot opne søknader, og vil be deg om å søke på utlyste stillingar ved å registrere deg på EasyCruit.
Offentleg søkarliste
Vi gjer merksam på at namn på søkar til dei ulike stillingane kan bli gjort offentleg. Om du har bedd om ikkje å bli oppført på offentleg søkarliste, tar vi kontakt med deg før søkarlista blir offentleg. Du finn reglane for offentleg søkarliste i § 25 i offentleglova.
Politiattest
Du treng politiattest dersom du søker stilling innan barnevern, brannvern, helsepersonell, barnehage og skule. Du treng ikkje vise fram slik attest når du søker, men før du begynner i stillinga.
Du søker om politiattest elektronisk via politiet sine nettsider. For å søke politiattest må du først ha stadfesting frå ny arbeidsgivar. Ein politiattest kan ikkje vere eldre enn tre månader.
Tilsette i Bjørnafjorden kommune kan ha fortrinnsrett til utlyste stillingar
Vi jobbar for å få ein heiltidskultur i kommunen. Dei som har deltidsstilling i Bjørnafjorden kommune og ønsker å auke stillinga, kan derfor ha fortrinnsrett til utlyste stillingar.
Vilkår for tilsetting
Tilsetting i kommunen skjer på dei vilkår som går fram av gjeldande lover, regelverk, tariffavtale og lokale avtalar. Som tilsett har du offentleg tenestepensjon i Kommunal landspensjonskasse (KLP) eller Statens pensjonskasse (SPK). På faste stillingar er det seks månader prøvetid.
Som arbeidssøker oppmodar vi til å lese Arbeidsreglementet for Bjørnafjorden kommune. Her kan du lese meir om informasjon om tilsetting, helseattest, politattest, arbeidsmiljø, etikk, arbeidstid, kviletid, overtid, fråvær frå arbeid, Arbeidsreglementet for Bjørnafjorden kommune (PDF, 69 kB)